5.23. Lerretfarge

Figur 16.62. Innhaldet i menyen for «Lerretfarge»

Innhaldet i menyen for «Lerretfarge»

Du kan forandra fargen på lerretet med kommandoen Lerretfarge. Lerretet er i denne samanhengen flata biletet ligg på. Den ramma som av og til er synleg mellom biletet og kanten av biletvindauget. Kva farge du vel på lerretet er ei smakssak, og har ingenting med fargane i biletet å gjere.

5.23.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via VisLerretfarge.

5.23.2. Innstillingar

Frå tema

Brukar fargen frå brukarvald tema.

Mørke / lyse sjakkruter

Sjakkbrettmønsteret viser gjennomsikt som er definert i Brukarinnstillingar skjerm Farge for lyse/mørke ruter: Brukar gjennomsikt slik det er definert i skjerm i menyen for brukarinnstillingane.

Sjølvvald farge …

Opnar fargemenyen slik at du kan bestemme fargen.

Behald utfylling i «Vis alle»-modus

I «Vis alle» modus kan du sjå pikslar utføre lerretet. Når dette valet ikkje er merkt av, vert området utføre lerretet fylt ut med eit sjakkbrettmønster, sjølv om du har vald ein utfyllingsfarge. Merkjer du av for dette valet, vil lerretet få utfyllingsfargen du har vald.

Som i brukarvalet

Brukar fargen som er definert i innstillingar for biletvindauget.