4.2. Å forandra storleiken på skjermvisinga

Du har eit stort bilete f. eks. frå eit digitalkamera, og ønskjer å redusere storleiken slik at det kan brukast på ei nettside, i ein e-post eller i andre samanhengar der det kan vere nødvendig eller ønskjeleg å redusere storleiken.

Figur 3.17. Eksempelbilete for skaleringa

Eksempelbilete for skaleringa

Du har kanskje lagt merke til at GIMP opnar biletet i ein passande storleik i høve til skjermen. Dersom biletet er større enn skjermen, vil det bli vist forminska slik at det passar til skjermen. Dette forandrar ikkje den eigentlege storleiken på biletet. Visingsstorleiken for biletet blir synt nede på statuslinja.

Oppe på tittellinja finn du også opplysningar om kva fargemodus biletet er i. Dersom modus er RGB er alt greitt. Står det i staden at biletet er indeksert eller i gråskala, bør du kanskje sjå innom Del 4.7, «Å forandre biletmodus».

Figur 3.18. GIMP brukt til skalering

GIMP brukt til skalering

Opna dialogvindauget med BileteSkaler biletet anten frå menylinja eller ved å høgreklikke på biletet. Legg merke til at menynamnet blir avslutta med ellipseteiknet (…) som indikerer at det blir opna eit nytt dialogvindauge når du klikkar på det.

Figur 3.19. Dialogvindauget for å skalere biletet, målt i pikslar

Dialogvindauget for å skalere biletet, målt i pikslar

Den vanlege eininga for storleiken på skjermvisinga av eit bilete er ein piksel. I dialogvindauget kan du bestemme Breidde og Høgde for biletet i pikslar. Ein piksel er ikkje ein fast definert storleik slik som meter og liter. Storleiken på pikslane blir i staden bestemt av utstyrsprodusenten. Den verkelege storleiken biletet blir vist med vil altså vere avhengig av kva medium det blir vist på. Det vil vere tydeleg skilnad om biletet blir vist på ein smarttelefon eller med ein LCD-prosjektor, eller på ulike dataskjermar for den del. Difor er det berre forvirrande å bruke andre måleeiningar for biletstorleiken enn pikslar for bilete som skal visast på ein skjerm. Den andre gruppa inneheld innstillingar for X-oppløysing og Y-oppløysing. Vala du gjer her har ingen verknad på skjermvisinga, og treng altså ikkje brukast dersom biletet skal visast berre på skjerm.

If you know the desired width, enter it in the dialog at the top where it says Width. This is shown in the figure above. If you don't have such a number in mind, choose an appropriate width for the desired use. Common screen sizes range between 320 pixels for simpler phones, 1024 pixels for a netbook, 1440 for a wide-screen PC display and 1920 pixels for an HD screen. For the purpose of displaying an image on-line, a width of 600 to 800 pixels offers a good compromise.

Når du endrar ein av dimensjonane for eit bilete vil GIMP endre dei andre dimensjonane i høve til endringa. Ønskjer du å endre fleire dimensjonar, sjå Del 4.5, «Å beskjere eit bilete». Berre hugs på at dersom du forandrar to dimensjonar vilkårleg og uavhengig av kvarandre, vil dette føre til at biletet blir strekt eller krympa.