4.7. Å forandra biletmodus

Som så mykje anna vert bilete brukte i mange ulike utgåver og tener mange ulike føremål. Av og til er det viktig å gjera bletet så lite som råd er (t.d. for Internett), andre gonger kan høg fargeintensitet vera hovudmålet (t.d. i familieportrett). GIMP kan faktisk greia dette og meir til, ved å omforma bileta mellom tre hovudmodus som vist i denne menyen. Du byter ganske enkelt mellom fargemodus frå biletmenyen ved å opna menyen og klikka på ønskt modus.

Figur 3.32. Dialogvindauget for å endra modus

Dialogvindauget for å endra modus

RGB – Dette er normalmodus. Formatet kan visa millionar av fargar i høg kvalitet. Sidan RGB-modusen er det formatet som inneheld mest informasjon om biletet, vil ein del av verktøya verka berre i RGB-modus. Dette gjeld t.d. når du skal skalera, beskjera eller berre spegelvenda biletet. I RGB-modus er kvar piksel sett saman av tre ulike komponentar: R for Raudt, G for Grønt og B for Blått. Kvar av desse komponentane kan ha ein verdi mellom 0 og 255. Resultatfargen for pikselen er summen av verdiane for desse tre komponentane.

Indeksert – Denne modusen vert gjerne brukt når filstorleiken er viktig eller når biletet har få fargar. Indeksert modus kan ha opptil 256 ulike fargar. Når du endrar eit bilete til indeksert modus, vil GIMP normalt generera ein «optimal fargepalett» for å få det beste resultatet.

Figur 3.33. Dialogvindauget «Konverter biletet til indekserte fargar»

Dialogvindauget «Konverter biletet til indekserte fargar»

Som du sikkert har funne ut, vil filformatet verta mykje mindre sidan det er mindre biletdata å lagra. Ulempen er at du ofte finn menyval som er gråa ut sidan dei ikkje verkar i denne modusen. Du kan prøva å omforma biletet til RGB-modus for å utføra dei ønskte funksjonane og deretter tilbake til indeksert igjen. Dersom det ikkje hjelper å omforma til RGB, kan det vera fordi biletet manglar gjennomsikt. Du må då leggja til gjennomsikt ved å bruka menyvalet LagGjennomsiktLegg til alfakanal.

Figur 3.34. Legg til alfakanal

Legg til alfakanal

Gråtoner ‒ Gråtonebilete inneheld ingen fargar, berre ulike gradar av grått. Desse vert til dagleg kalla svart/kvitt-bilete. Modusen vert ofte brukt til spesielle føremål og tek dessutan som regel mindre plass på harddisken enn andre modusar. Ikkje alle former for utstyr kan visa gråtonebilete.

Dersom du lagrar i filformat som berre kan innehalda eit bestemt modus, treng du ikkje å konvertera eit bilete til ein bestemt modus før du lagrar det. GIMP ordnar dette for deg og vil eventuelt eksportera biletet i høveleg modus for formatet.