12.4. Dagens tips

Kommandoen Dagens tips viser dialogvindauget Dagens tips. Dette vindauget viser nyttige tips om korleis du best kan gjera deg nytte av nokre av dei meir uvanlege bruksområda i GIMP. Nye brukarar kan ha mykje nytte av desse tipsa sidan dei ofte føreslår andre måtar å gjera ting på enn dei mest opplagte.

12.4.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen via HjelpDagens tips.

12.4.2. Omtale av dialogvindauget

Figur 16.274. Dialogvindauget «Dagens tips»

Dialogvindauget «Dagens tips»

Nokre av tipsa inneheld ei Lær meir-lenkje til den tilsvarande sida i handboka for GIMP.