12.5. Om

Kommandoen Om GIMP opnar dialogvindauget Om GIMP som viser informasjon om versjonsnummeret for GIMP og mange av forfattarane som har skrive hjelpa.

I dialogvindauget finn du også knappen Sjå etter oppdateringar.Trykk på denne for å sjå om du har den siste versjonen av GIMP. Viss du har slått på automatisk kontroll for oppdateringar, kan det henda denne knappen viser at det er ein ny versjon av GIMP tilgjengeleg. I slike tilfelle vil knappen gje deg høve til å gå til nedlastinga for den siste versjonen av GIMP.

12.5.1. Aktivering av kommandoen «Om»

  • Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen via HjelpOm.

12.5.2. Omtale av dialogvindauget

Figur 16.275. Dialogvindauget «Om»

Dialogvindauget «Om»

Heider og ære opnar ei liste over dei som har vore med å utvikla GIMP, anten dei nå har drive med programmering, utvikla grafikken eller skrive eller omsett hjelpetekstane.

Lisens viser korleis du får lisensen.