7.11. Fjern tekstinformasjon

Denne kommandoen høyrer til ei gruppe tekstkommandoar som er synlege berre når det er tekstlag i biletet.

Figur 16.112. Kommandoen «Fjern tekst» mellom tekstkommandoane i lagmenyen

Kommandoen «Fjern tekst» mellom tekstkommandoane i lagmenyen

Når du legg til tekst i eit bilete, legg GIMP til spesifikk informasjon. Denne kommandoen let deg forkasta denne informasjonen, og transformerer det gjeldande tekstlaget til eit normalt punktgrafikklag. Nytteverdien av denne kommandoen kan diskuterast.

Også når du bruker grafiske operasjonar på eit tekstlag, vert laget automatisk omforma til punktgrafikk. Du kan få tilbake tekstinformasjonen ved å angra operasjonen som modifiserte tekstlaget.

7.11.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå menylinja i biletvindauget via LagForkast tekstinformasjon.