7.15. Vel nedste laget

Kommandoen Vel nedste laget gjer det nedste laget i lagstabelen til det aktive laget. Dette vert vist i lagdialogen ved at markeringa som viser aktivt lag flytter seg til det nedste laget. Dersom det aktive laget er nedst, vil denne kommandoen vere deaktivert.

7.15.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagStabelVel nedste laget,

  • med snarvegtasten End

eller ved å klikke på lagnamnet i lagdialogen.