7.41. Snitt med utvalet

Kommandoen Snitt med utvalet lagar eit utval frå pikslane i det aktive laget ut frå kor gjennomsiktige dei er. Ugjennomsiktige område vert fullt utvalde, gjennomsiktige område vert ikkje utvalde, medan delvis gjennomsiktige område vert delvis utvalde. Det nye utvalet vert eit snitt av dei to utvala. Alfakanalen vert ikkje forandra.

7.41.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagGjennomsiktSnitt medl utvalet

  • eller frå menyen som sprett opp når du høgreklikkar på det aktive laget i lagdialogvindauget.

7.41.2. Eksempel

Figur 16.124. Å lage snitt med utvalet

Å lage snitt med utvalet
Å lage snitt med utvalet

Det eksisterande rektangulære utvalet er erstatta med ugjennomsiktige pikslar frå det aktive laget.