Tillegg B. Å rapportere feil og forslag til forbetringar

Innhald

1. Forsikra deg om at det verkeleg er ein feil
2. Rapportering av feil
3. Kva skjer med feilmeldinga når ho er sendt?

Trist å måtte innrømma det, men til nå har ingen versjonar av GIMP vore absolutt feilfrie. Det vil nok også vere tilfelle for komande versjonar av GIMP. Trass i alle gode intensjonar, vil det i eit så komplisert program som GIMP alltid dukka opp bruksmåtar eller -kombinasjonar som ingen hadde tenkt på førehand skulle kunne skje. Dette er eit problem alle programutviklarane kjenner godt til — eller i det minste burde kjenne til.

Erkjenninga av at det finst feil, betyr likevel ikkje at feil skal aksepterast. Dersom du finn ein feil i GIMP, vil utviklarane svært gjerne få grei på det, slik at dei i det minste kan gjere forsøk på å utbetra han.

Dersom du oppdagar at GIMP i visse samanhengar oppfører seg unormalt, kan det hende du har dumpa over ein feil med programmet. Kva bør du gjere? Korleis rapportera feilen?

[Tips] Tips

Prosedyren for å senda ønskje om forbetringar, dvs. spørsmål til utviklarane om å leggje til eit manglande bruksområde, er nesten den same som når du rapporterar feil. Einaste skilnaden er at skjemaet vert merka med «enhancement». Sjå nedføre.

Tilliks med mange andre frie programvareprosjekt, brukar også GIMP feilrapporteringssystemet Bugzilla. Dette er eit svært kraftig, internettbasert system som er i stand til å handsama tusenvis av feilrapportar utan å miste oversynet. GIMP deler faktisk database med heile Gnome-prosjektet. Når dette vert skrive inneheld databasen 148632 feilrapportar — nei, nå har det endra seg til 148633. Merk at all kommunikasjon i feilrapporteringssystemet er på engelsk.

1. Forsikra deg om at det verkeleg er ein feil

Før du planlegg å rapportera ein feil, må du forsikre deg om at det verkeleg er ein feil. Det er vanskeleg å setje opp ein plan for korleis du kan kontrollere om du har oppdaga ein verkeleg feil. Ofte vil det vere til stor hjelp å lese dokumentasjonen. Det kan kanskje vere lurt å diskutera problemet på IRC eller andre postlister. Dersom du opplever eit skikkeleg krasj, er sjansen for at det er ein reell feil nokså stor. (Dette i motsetnad til når GIMP oppfører seg uventa). Velskrive programvare er utforma slik at dei ikkje skal kunne krasje, same kva som skjer. Har du gjort seriøse forsøk på å finna ut om det verkeleg er ein feil i GIMP som er årsaka til krasjet, men framleis er usikker på årsaka, er det betre å rapportera feilen enn å la det vere. Det verste som kan skje er at du har kasta bort tida til utviklingsteamet.

[Notat] Notat

Det er faktisk nokre få kjende ting som kan få GIMP til å krasje, men som det ikkje er bryet verd å gjere noko med. Ein av dei er å be GIMP om å gjere noko som krev uhorvelege mengder minneplass, som for eksempel å laga eit bilete med ein million biletpunkt i kvart lag.

Du bør også forsikra deg om at du brukar ein oppdatert versjon av GIMP. Å rapportera feil som alt er retta er å sløse med tida for alle. (GIMP 1 vert ikkje støtta. Finn du feil i GIMP 1 må du anten oppgrade til GIMP 2 eller leve med feilen). Spesielt dersom du brukar utviklingsversjonar av GIMP, er det viktig at du finn feilen også i den siste versjonen før du sender inn ein rapport.

Dersom du framleis meiner du har ein legitim feilrapport å levere frå deg, er det neste steget å gå til GIMP sine spørsmålssider hos bugzilla (http://bugzilla.gnome.org/query.cgi) for å finne ut om andre har funne den same feilen. (Alt føregår på engelsk).

Det er to skjema du kan bruka for å søkja etter feil («bugs»): eit enkelt skjema for å finna ein bestemt feil, «Find a Specific Bug» og eit meir avansert skjema, «Advanced Search».

1.1. Finn ein spesiell feil

Figur B.1. Bugzilla: Å finne ein bestemt «bug»

Bugzilla: Å finne ein bestemt «bug»

Søk etter feil med det enkle skjemaet


Når du brukar dette skjemaet, må du først velje Product«GIMP» (klassifisert som «Other») ved hjelp av nedtrekkslista. Deretter treng du berre å skriva inn søketermane (skilde med mellomrom), f. eks.

filter crash

i innskrivingsruta og klikka på knappen Search.

1.2. Søk etter feil med det avanserte skjemaet

Med det avanserte skjemaet kan du søkja i feildatabasen på fleire ulike måtar:

Figur B.2. Bugzilla: Advanced Search

Bugzilla: Advanced Search

Søk etter feil med det avanserte skjemaet


Diverre er denne sida litt meir «komplisert» i bruk enn det eigentleg treng å vera, sjølv om ein del av hyperlenkjene fører til detaljert hjelp. Her er kva du treng å gjera:

Summary (Samandrag)

Sett denne til «contains any of the words/strings»

Summér feilen i eitt eller nokre få (engelske) ord som fortel kva feilen går ut på. For eksempel, dersom mykje zooming fører til krasj, skriv du ordet «zoom».

Classification

«Others» (sidan GIMP ikkje er del av «GNOME Desktop suite»).

Product (Produkt):

Set denne til «GIMP» (eller «GEGL», «GIMP-manual» osv. om nødvendig).

Component (komponent):, Version (versjon):, Target (plattform):

Ikkje skriv noko her.

Comment, Whiteboard, Keywords

Ikkje skriv noko her foreløpig. Dersom søket ditt er mislukka, kan du prøva med å skriva søkjeorda dine i merknadsfeltet («comment»). Dette fører som regel til at du anten får ein heil bråte treff, eller ingenting.

Status

Dette feltet viser status for feilrapporten. Sidan du ønskjer å sjå alle feilrapportane, uavhengig av status osv, sveiper du over alle felta med venstre museknappen nede.

Resolution, Severity, Priority, OS

Normalt treng du ikkje bruka desse oppføringane.

(Any other items) (Andre oppføringar)

Ikkje skriv noko her.

Når alt er slik du vil ha det, klikkar du på knappen «Search». (Det er to av desse, ein oppe og ein nede på skjemaet. Dei gjer nøyaktig det same). Resultatet vert anten ei liste over feilrapportar, vonleg ikkje så alt for lang, eller meldinga «Zarro boogs found» (dvs. ingen feil fundne). Dersom du ikkje finn feilrapportar relaterte til søkjeordet ditt, kan det vere verd å prøve eit anna søkjeord. Sjølv om du har gjort ditt beste, kan det likevel hende at feilrapporten din ender opp som «Duplicate», altså kopi av ein annan rapport. Fortvil ikkje. Dette skjer svært ofte også for forfattaren av desse hjelpsidene. Og han arbeider med Bugzilla nesten kvar dag.

[Tips] Tips

Dersom nettlesaren du brukar er sett opp slik at JavaScript er tilgjengeleg, kan du finna lenkja Give me some help. Klikkar du på denne, vert sida lasta på nytt og når du set musepeikaren over eit innskrivingsområde, kjem det opp eit lite vindauge med litt hjelpetekst.