6.16. Rotering

Ved hjelp av roteringskommandoane på menyen Transformer under menyen Bilete kan du rotera biletet 90° med eller mot klokka, eller snu det 180°. Dei verkar på heile biletet. Dersom du treng å rotera biletet med andre vinklar, eller å rotera eit lag eller eit utval, kan du bruka roterverktøyet. Du kan også rotera lag ved hjelp av menyen transformer lag.

6.16.1. Aktivering

Du har tilgang på desse tre kommandoane frå menylinja i biletet via

  • BileteTransformerRoter 90° med klokka,

  • BileteTransformerRoter 90° mot klokka og

  • BileteTransformerRoter 180°.