6.15. Spegelvend Loddrett / vassrett

Du kan venda biletet, eller snu det rundt som eit kort, med kommandoane Spegelvend vassrett og Spegelvend loddrett. Desse kommandoane verkar på heile biletet. For å spegelvenda eit utval, brukar du vendeverktøyet. For å spegelvenda eit lag, brukar du menyen LagTransformer eller vendeverktøyet.

6.15.1. Aktivering

  • Du har tilgang til kommandoen for å spegelvenda vassrett frå menylinja i biletvindauget via BileteTransformerSpegelvend vassrett.

  • Du har tilgang til kommandoen for å spegelvenda loddrett frå menylinja i biletvindauget viaBileteTransformerSpegelvend loddrett.