13.9. Papirfliser

13.9.1. Oversyn

Figur 17.310. Eksempel på bruk av filteret «Papirfliser».

Eksempel på bruk av filteret «Papirfliser».

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Papirfliser».

Eksempel på bruk av filteret «Papirfliser»


Dette filteret deler det aktive laget eller utvalet opp i firkanta bitar som deretter vert flytt rundt slik at dei meir eller mindre overlappar eller vert flytt frå kvarandre. Bitane kan også gå ut over biletkanten.

13.9.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret via FilterKartPapirfliser….

13.9.3. Innstillingar

Figur 17.311. Innstillingane for filteret «Papirfliser»

Innstillingane for filteret «Papirfliser»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Flisbreidd, flishøgd

Filteret byrjar med å dela biletet opp i bitar før bitane vert viste: storleiken på dei og kor mange dei er vassrett (breidd) og loddrett (høgd) må passa med biletstorleiken.

Når desse vala er lenkja saman, vert flisene kvadratiske.

Flyttegrad

Her bestemmer du kor mange prosent bitane maksimalt kan flyttast langs sidene i firkantane.

Linjebryting

Under flyttinga kan det henda at einskilde papirbitar hamnar utanfor biletkanten. Dersom det er merkt av for denne funksjonen, vil desse bitane dukka opp igjen på motsett biletkant.

Brøktype

Under oppdelinga til fliser kan det henda at nokre originale pikslar vert igjen. Du har tre måtar å handsama desse på:

Tving

Dei resterande pikslane vert delt opp saman med flisene.

Ignorer

Innstillinga Bakgrunnstype vert ignorert, pikslane vert verande som dei er.

Bakgrunn

Gjenverande pikslar vert erstatta ut frå innstillingane sett i det føgjande avsnittet.

Sentrer

Dersom det er merkt av for dette valet, vert papirbitane tettast i sentrum av biletet.

Bakgrunn

Dersom radioknappen Bakgrunn er brukt, har du seks ulike bakgrunnstypar å velja mellom:

Invertert bietet

Bakgrunnsfargane vert inverterte ved å trekke verdien frå 255 for kvar fargekanal.

Gjennomsiktig

Bakgrunnen vert gjennomsiktig.

Bilete

Bakgrunnsfargane vert uendra. Originalbiletet bir brukt som bakgrunn.

Farge

Dei resterande pikslane vert bytte ut med fargen du kan velja. Standard er forgrunnsfargen frå verktøykassa. Du kan velja ein annan farge med fargeknappen eller fargehentaren.

Tilfeldig frø

Forskyvinga kan gjerast tilfeldig.