6.8. Slagskugge

6.8.1. Oversyn

Figur 17.131. Eksempel på bruk av filteret «slagskugge»

Eksempel på bruk av filteret «slagskugge»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «slagskugge»

Bruk av GEGL-filteret «Slagskugge»


Med dette GEGL-filteret kan du leggja til slagskugge i eit bilete, eit utval eller ein tekst. Du kan velja farge, plassering og storleik på skuggen.

6.8.2. Aktivering

Du finn dette filteret i menyen i biletvindauget under FilterLys og skuggeSlagskugge….

Dette filteret er til vanleg slått av. Du må leggja til ein alfakanal i biletet for å kunna bruka det.

6.8.3. Innstillingar

Figur 17.132. Innstillingane for filteret «slagskugge»

Innstillingane for filteret «slagskugge»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

X, Y

Laget som inneheld slagskuggen vert flytt X pikslar vassrett og Y pikslar loddrett. Så X- og Y-forskyvinga bestemmer plasseringa av skuggen i høve til biletet. Høge verdiar gjer at den imaginære lyskjelda ser ut til å vera langt borte, medan låge verdiar gjer at kjelda ser ut til å vera nærare biletet.

Forskyvinga kan også vera negativ. Med X < 0 vert skuggen flytt mot venstre og med Y < 0 oppover.

Er du nyfiken, kan du sjå skuggelaget tydeleg ved å setja sløringa til 0 og flytta skuggen med X og Y.

Sløringsradius

Når skuggen er laga, vert det brukt gaussisk sløring med den spesifiserte radiusen på skuggelaget. Dette gjer skuggen meir realistisk.

Auk forma

Du kan velja forma som skal brukast til å utvida eller trekkja saman skuggen. Vala er sjølvforklarande: Sirkel (standard), Kvadrat eller Rombe.

Aukingsradius

Kor langt skuggen skal ekspanderst før sløringa. Ein negativ verdi gjer at skuggen vert trekt saman i staden.

Farge

Du kan velja fargen på skuggen her. Berre klikk på fargeprøven og vel ein farge når fargeveljaren dukkar opp, eller bruk pipetta for å velja ein farge frå biletet.

Dekkevne

Dekkevna for skuggen. Standard er 0,500, men du kan velja kva verdi som helst mellom 0 (full gjennomsikt) til 2,00 (full dekkevne).

6.8.4. Å bruka filteret «Slagskugge»

Dette GEGL-filteret for slagskugge er overraskande: viss du brukar filteret direkte på biletet slik du gjer med det tradisjonelle filteret, skjer det ingen ting viss du ikkje har gjennomsiktige område i biletet.

For å få same resultatet som med det tradisjonelle filteret:

  1. Opna originalbiletet.

  2. Opna eit nytt bilete, litt større enn originalbiletet og fyll det med gjennomsikt.

  3. Kopier det originale biletet og lim det inn i det nye biletet. Det vert sett inn som eit flytande utval i lagdialogvindauget.

  4. Forankra det flytande utvalet.

  5. Meny/Lag/Klipp til innhaldet.

  6. Menyar/lag/laggrensestorleik: set lagstorleiken til same storleik som biletet og fylt med gjennomsikt. Klikk på Midtstill-knappen. Klikk deretter på knappen Endra storleik.

  7. Opna dialogvindauget for slagskugge: Slagskuggen vert vist på førehandsvisinga på lerretet. Du kan endra standardinnstillingane.

  8. Legg eventuelt til eit nytt lag med same storleiken som biletet og fyll det med den fargen du vil gje til bakgrunnen. Flytt dette laget til nedst i lagstabelen.

  9. Trykk på knappen OK for å ta filteret i bruk.

Bruk av filteret på eit utval:

  1. Opna originalbiletet.

  2. Opna eit nytt bilete med same storleik som originalbiletet, fylt med gjennomsikt.

  3. Opprett utvalet

  4. Kopier utvalet og lim det inn i det nye biletet. Det vert sett inn som eit flytande utval i lagdialogvindauget.

  5. Forankra det flytande utvalet.

  6. Meny/Lag/Klipp til innhaldet.

  7. Menyar/Lag/Lag til biletstorleik (med gjennomsikt)

  8. Opna dialogvindauget for slagskugge: Slagskuggen vert vist på førehandsvisinga på lerretet. Du kan endra standardinnstillingane.

  9. Legg eventuelt til eit nytt lag med same storleiken som biletet og fyll det med den fargen du vil gje til bakgrunnen. Flytt dette laget til nedst i lagstabelen.

    Du kan også bruka originalbiletet ditt som bakgrunn: Angra utvalet, kopier biletet og lim det inn som eit nytt lag i det nye biletet. Flytt det nye laget nedst i lagstabelen.

  10. Trykk på knappen OK for å ta filteret i bruk.

Bruk av filteret på ein tekst:

Prosedyren er enklare for å laga ein slagskugge for ein tekst: Opprett teksten og bruk filteret for slagskugge direkte.