8.24. Trekk ut komponent

8.24.1. Oversyn

Figur 16.195. «Ekstraher komponent» brukt

«Ekstraher komponent» brukt

Originalbiletet

«Ekstraher komponent» brukt

Kommandoen «Ekstraher komponent» brukt med standard innstillingar.


8.24.2. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå menylinja i biletvindauget via FargarKomponentarEkstraher komponent….

8.24.3. Innstillingar

Figur 16.196. Innstillingane for kommandoen «Ekstraher komponent»

Innstillingane for kommandoen «Ekstraher komponent»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Komponent

Komponent som skal trekkjast ut. Standard er RGB Raud: alle lagpikslar som har den raude komponenten i fargen vert trekt ut for å laga grå pikslar. Grå pikselverdi er verdien til den raude kanalen (for eksempel vil ein 153;70;17 RGB-piksel gje ein 153;153;153 grå piksel).

Inverter

Inventer den uttrekte komponenten.

Lineære inngangsdata

Bruk lineære inngangar i staden for gammakorrigerte.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

8.24.4. Bruka komponenten «Ekstraher»

TODO