8.23. Kanalmiksar

8.23.1. Oversyn

Figur 16.190. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Verknad av filteret «Kanalmiksar»


Denne kommandoen kombinerer verdiane for RGB-kanalane. Han verkar på bilete med og utan alfakanal.

8.23.2. Aktivering

Du har tilgang til dette menyvalet frå menylinja i biletvindauget via FargarKomponentarKanalmiksar.

8.23.3. Innstillingar

Figur 16.191. Innstillingane for kommandoen «Kanalmiksar»

Innstillingane for kommandoen «Kanalmiksar»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Raudkanal, grønkanal, blåkanal

Kvar av desse har tre glidebrytarar som styrer fordelinga av raud, grøn og blå i utgangskanalane. Skalaen for kvar av brytarane går frå -2 til 2, og representerer multiplikasjonsfaktoren for inngangskanalen som vert brukt på kvar utgangskanal.

Bevar lysverdi

Blandinga kan føra til eit bilete der nokre av fargane vert alt for lyse. Dette valet minskar lysverdiane for fargekanalane men beheld eit godt visuelt forhold mellom dei. Du kan endra den relative fargevektinga utan å forandra den totale lysverdien for biletet.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

8.23.4. Korleis verkar kanalmiksaren?

Kvar av utgangskanalane er baserte på verdiane du set for dei tre RGB-inngangskanalane. Som standard er kvar utgangskanal basert på 100 % av den tilsvarande inngangskanalen. Dette er den som er sett til 1,0 og den andre til 0,0. Du kan endra desse innstillingane på kvar av glidebrytarane frå -2 til +2.

Kvar av dei tre RGB-glidebrytarane bestemmer ein prosentsats for kvar kanal. For kvar piksel i biletet vert prosentdelen av summen av dei kalkulerte verdiane gjeve til utgangskanalen. Her er eit eksempel:

Figur 16.192. Originalbiletet med kanalane

Originalbiletet med kanalane

Her er vist RGB-verdiane for pikslane i den raude, grøne og blå ruta. Det svarte rektangelet er spesielt fordi svart (0,0,0) ikkje vert påverka av kommandoen (0 multiplisert ned ein prosentsats vert alltid 0). Verdiane kan ikkje vera høgare enn 255 og heller ikkje verta negative.


Figur 16.193. Raud er sett som utkanal. Grøn kanal til +50

Raud er sett som utkanal. Grøn kanal til +50

Pikselverdiane i den raude ruta er 230; 10; 10. Prosentsatsane på glidebrytarane er sett til 100; 50; 0 for raud, grøn og blå. I utrekninga blir prosenttala dividerte med 100. Tala på glidebrytarane blir altså omforma til 1; 0,5 og 0. Verdien av raud i utkanalen blir summen av raudt i raudkanalen + raudt i grønkanalen + raudt i blåkanalen, alle multipliserte med respektive prosenttal. Altså: raud-ut = 230 × 1 + 10 × 0,5 + 20 × 0 = 235. Sidan raud er ut-kanal blir ikkje kanalane grøn og blå forandra.

I den grå ruta, som også inneheld raud, gir utrekninga eit tal høgare enn 255, og blir difor sett til 255. I dei tilfella der talet blir negativt, blir verdien sett til 0.


Figur 16.194. Raud er sett som utkanal. Grøn kanal til +50. Valet «Behald lysverdi» er aktivert.

Raud er sett som utkanal. Grøn kanal til +50. Valet «Behald lysverdi» er aktivert.

Verdien som vert brukt for den raude utgangskanalen er lågare, noko som hindrar at biletet vert for lyst.