2.14. Opprett mal…

Kommandoen Opprett mal… opnar dialogvindauget «Lag ny mal» der du kan laga ein ny mal med same storleik og fargemodell som det gjeldande biletet. Det kjem opp eit dialogvindauge der du vert beden om å skriva inn namnet på malen. Malen vert no lagra og er tilgjengeleg i dialogvindauget Nytt bilete. Dersom du skriv inn eit namn som finst frå før, vil GIMP leggja eit tal til namnet for å gjera det unikt. Du kan bruka dialogvindauget Malar for å gjera endringar i eller sletta malar.

2.14.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen frå FilOpprett mal….