8. Filteret «Finn kantar»

8.1. Innleiing

Dette er ei gruppe filter som finn grensene mellom ulike fargeovergangar og brukar desse kantane for å markera konturane (omrisset) av ulike objekt.

Filtra vert gjerne brukte for å laga utval, men også for ulike kunstnariske føremål.

Dei fleste av desse filtra analyserer fargeskilnadane i biletet og gjev til dels nokså tykke kantlinjer. Sjå på fig. 1, som viser variasjonar i fargeintensitet. Til venstre i figuren endrar fargen seg lite, og dermed kan ein ikkje finna nokon kant her. På høgre sida er variasjonane såpass kraftige at vi har funne ein kant. Vi kan rekna ut fargevariasjonane for dette område. Figur 2 viser den første avleiinga av desse utrekningane. Vi har her bestemt at det finst ein kant når fargevariasjonane er større enn ein sett terskelverdi. Den nøyaktige kanten er ved toppen av kurva, men denne toppen varierar i høve til grensene. Som oftast er terskelverdien noko lågare enn denne toppen, og resultatet vert difor meir eller mindre breie kantar.

Kantfinning med Laplace-metoden brukar den andre avleiinga, figur 3. Toppen av kurva er her null, og såleis klart definert. Dette er forklaringa på at Laplace-filtra teiknar tynne kantar, berre ein piksel tykke. Ulempen er at det vert mange slike nullar som svarar til små variasjonar, og dermed også «falske» kantar.

Som oftast vil det hjelpa med litegrann sløring før bruk av desse filtra. Sløringa flatar ut småkrusingane og reduserer mengda av falske kantar.