2.2. Rektangelmarkering

Figur 12.2. Symbolet for rektangelmarkeringa i verktøyskrinet

Symbolet for rektangelmarkeringa i verktøyskrinet

Verktøyet for rektangulær markering blir brukt til å velje ut og markere rektangulære område på eit bilete, og er det enklaste, og det mest brukte av markeringsverktøya. Sjå i Markeringar for nærare opplysningar om bruken av dei, og felles uttrykk for nærare opplysningar om dei innstillingane som er felles for markeringsverktøya.

Dette verktøyet kan også brukast for å teikne rektangel i eit bilete. Gjer ei rektangulært markering og fyll denne ved hjelp av fyllverktøyet. For å lage eit rektangulært omriss, er det enklaste å lage ei høveleg markering og deretter streke opp med høveleg farge og strøk.

Dersom du ønskjer å runde av hjørna i ei rektangulær markering, kan dette gjerast nokså enkelt med kommandoen MarkerAvrunda rektangel.

2.2.1. Aktivering

Du kan hente fram rektangelmarkeringa på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyMarkeringsverktøyaRektangelmarkering,

  • Ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet

  • Eller med tastesnarvegen R.

2.2.2. Tastekombinasjonar (Normalinnstillingae)

[Notat] Notat

Sjå Felles eigenskapar for eit oversyn over tastekombinasjonar som er felles for fleire av markeringsverktøya. Bare kombinasjonar som er spesifikke for rektangelmarkering blir omtalte i dette avsnittet.

  • Ctrl: Trykker du ned Ctrl-tasten etter at du har byrja markeringa, og held han nede til du er ferdig med markeringa, vil startpunktet bli brukt som sentrum i markeringa i staden for å bli eit av hjørna. Trykker du ned Ctrl-tasten før du startar markeringa, vil den nye markering bli subtrahert frå den eksisterande markeringa.

  • Shift: Trykker du ned Shift-tasten etter at du har byrja markeringa, og held han nede til du er ferdig med markeringa, vil markeringa bli avgrensa til eit kvadrat. Trykker du ned Shift-tasten før du startar markeringa, vil den nye markeringa bli addert til den eksisterande markeringa.

  • Ctrl + Shift: Dette gir ein kombinert effekt: Ei kvadratisk markering sentrert om startpunktet. Held du nede desse to tastane før du byrjar markeringa, vil den nye markeringa lage eit snitt med den eksisterande. Dette blir også vist med at musemarkøren viser snitt-symbolet “”.

2.2.3. Innstillingar

Figur 12.3. Innstillingane for verktøyet “rektangelmarkering

Innstillingane for verktøyet rektangelmarkering

[Notat] Notat

Sjå felles eigenskapar for eit oversyn over tastekombinasjonar som er felles for fleire av markeringsverktøya. Bare kombinasjonar som er spesifikke for dette verktøyet blir omtalte i dette avsnittet.

Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøyskrinet.

Kantutjamning

Denne funksjonen er ikkje tilgjengeleg i dette verktøyet. Er tatt med for å gi same dialogvindauget for alle markeringsverktøya.

Krymp markeringa automatisk

Dersom avkryssingsboksen Krymp markeringa automatisk er avmerka, vil GIMP prøve å krympe markeringa til den næraste rektangulære forma tilgjengeleg på biletlaget. Algoritmen, dvs. matematikken som reknar ut dette, er nokså “intelligent”. I denne samanhengen betyr det at resultatet i noen tilfelle kan bli svært avansert, i andre tilfelle overraskande dumt. Dersom området du vel ut er omgitt av einsfarga flater, vil den automatiske markeringa til vanleg bli nokså brukbart. Den endelege markering treng ikkje ha same forma som den markeringa du feiar ut.

Dersom Markeringsfletting (bm.: Prøve sammenflettet) er aktivert, vil den automatiske krympinga hente informasjonar frå heile det synlege området av biletet, ikkje bare frå det aktive laget. Sjå nærare i ordboka under Markeringsfletting.

Formatavgrensingar

Figur 12.4. Formatavgrensingane for rektangelmarkeringa

Formatavgrensingane for rektangelmarkeringa

Denne menyen gir deg høve til å velje mellom tre oppsett for rektanglet:

  • Fri markering.  Ingen avgrensingar for rektanglet.

  • Fast storleik.  Gjer at markeringa får den storleiken du skriv inn i rutene for lengde og breidde.

  • Faste proposjonar Når du endrar storleiken på markeringa, vil forholdet mellom lengde og breidd bli bestemt av forholdet mellom dei innskrivne verdiane for desse.