2.3. Ellipsemarkering

Figur 12.5. Symbolet for ellipsemarkeringa i verktøyskrinet

Symbolet for ellipsemarkeringa i verktøyskrinet

Verktøyet for elliptiske markering blir brukt til å velje ut og markere runde og elliptiske (ovale) område på eit bilete, eventuelt med kantutjamning om du ønskjer det. Sjå i Markeringar for nærare opplysningar om bruken av verktøyet. Sjå felles uttrykk for nærare opplysningar om dei innstillingane som er felles for markeringsverktøya.

Dette verktøyet blir også brukt for å teikne sirklar eller ellipsar på eit bilete. Lag ei markering og fyll denne ved hjelp av fyllverktøyet. Ønskjer du å bare teikne omrisset, kan du i staden streke opp markeringa med høveleg farge og strøk. Ein annan metode som er vanskelegare, men gir betre kvalitet, er å lage to elliptiske markeringar med litt ulik storleik og subtrahere den innarste frå den yttarste. Dette er ikkje alltid like lett å få til, så kanskje kommandoen MarkerRamme... er løysinga.

2.3.1. Aktivering

Du kan hente fram markeringsverktøya på tre måtar:

Frå biletmenyen via VerktøyMarkeringsverktøyaRektangelmarkering,

ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet

eller med tastesnarvegen E.

2.3.2. Tastekombinasjonar (Normalinnstillingae)

  • Ctrl: Trykker du ned Ctrl-tasten etter at du har byrja markeringa, og held han nede til du er ferdig med markeringa, vil startpunktet bli brukt som sentrum i markeringa i staden for å bli eit av hjørna i det tenkte rektanglet som omgir figuren. Trykker du ned Ctrl-tasten før du startar markeringa, vil den nye markering bli subtrahert frå den eksisterande markeringa.

  • Shift: Trykker du ned Shift-tasten etter at du har byrja markeringa, og held han nede til du er ferdig med markeringa, vil markeringa bli avgrensa til ein sirkel. Trykker du ned Shift-tasten før du startar markeringa, vil den nye markeringa bli addert til den eksisterande markeringa.

  • Ctrl + Shift: Dette gir ein kombinert effekt: Ei sirkulær markering sentrert om startpunktet. Held du nede desse to tastane før du byrjar markeringa, vil den nye markeringa lage eit snitt med den eksisterande. Dette blir også vist med at musemarkøren viser snitt-symbolet “”.

2.3.3. Innstillingar

Figur 12.6. Innstillingane for verktøyet “ellipsemarkering

Innstillingane for verktøyet ellipsemarkering

[Notat] Notat

Sjå Markeringsverktøya for eit oversyn over tastekombinasjonar som er felles for fleire av markeringsverktøya. Bare kombinasjonar som er spesifikke for ellipseverktøyet blir omtalte i dette avsnittet.

Du får tilgang til innstillingane for ellipseverktøyet ved å klikka på symbolet i verktøyskrinet.

Kantutjamning

Kryssar du av for dette valet, vil kantane av markeringa bli mjukare. Dette fordi biletpunkta i overgangen bare blir delvis markerte. Du finn meir om dette i ordboka under kantutjamning. Som oftast får du best resultat når du nyttar deg av denne innstillinga. Dei einaste gongene kantutjamninga kan skape problem, er når du klipper og limer. Funksjonen kan då av og til lage merkelege fargetunger i overgangane.

Krymp markeringa automatisk

Dersom avkryssingsboksen Krymp markeringa automatisk er avmerka, vil GIMP prøve å krympe markeringa til den næraste elliptiske forma tilgjengeleg på biletlaget. Algoritmen, dvs. matematikken som reknar ut dette, er nokså “intelligent”. I denne samanhengen betyr det at resultatet i noen tilfelle kan bli svært avansert, i andre tilfelle overraskande dumt. Dersom området du vel ut er omgitt av einsfarga flater, vil den automatiske markeringa til vanleg bli nokså brukbart. Den endelege markering treng ikkje ha same forma som den markeringa du feiar ut.

Dersom Markeringsfletting (bm.: Prøve sammenflettet) er aktivert, vil den automatiske krympinga hente informasjonar frå heile det synlege området av biletet, ikkje bare frå det aktive laget. Sjå nærare i ordboka under Markeringsfletting.