2. Markeringsverktøya

2.1. Felles eigenskapar

Markeringsverktøya er laga for at du skal kunne velje ut område på eit bilete eller eit lag som du kan arbeida på, utan å påverka resten av biletet eller laget. Kvart verktøy har sine eigne innstillingar, men dei har også ein del innstillingar som er felles for alle desse verktøya. Desse felles innstillingane blir omtalt her. Dei individuelle innstillingane blir tatt opp under dei verktøya dei gjeld for. Treng du nærare hjelp om kva vi meiner med “markering” i GIMP, kan du sjå nærare om dette i kapitlet om markeringar.

Det er seks markeringsverktøy:

  • Rektangelmarkering

  • Ellipsemarkering

  • Frihandsmarkering

  • Marker samanhengande område (tryllestaven)

  • Markering etter farge

  • Marker former frå biletet (intelligent saks)

I noen tilfelle kan ein også sjå på baneverktøyet som eit markeringsverktøy i og med at ein lukka bane kan konverterast til ei markering. Baneverktøyet kan mykje meir enn dei vanlege markeringsverktøya, dessutan deler det ikkje innstillingar med desse. Baneverktøyet er omtalte nærare i kapitlet om baneverktøy.

2.1.1. Modustastane (normalinnstillingar)

Markeringsverktøya forandrar oppførse dersom du held nede ein eller fleire av tastane Ctrl, Shift eller Alt medan du bruker verktøya.

[Notat] Notat

Erfarne brukarar nyttar modustastane svært mykje, medan nybyrjaren meiner dei er forvirrande. Om du vil, kan du bruke Modus-knappane omtalte nedanfor, i staden for modustastane.

Ctrl

Held du nede Ctrl-tasten medan du lagar ei markering, kan dette resultera i to ulike handlingar, avhengig av måten du brukar knappane på:

  • Trykker du ned tasten før du klikkar på markeringsverktøyet, vil markeringa vere i subtraksjonsmodus så lenge du held Ctrl-tasten nede. Dette betyr at markeringa vil bli trekt i frå eksisterande markering.

  • Trykker du ned Ctrl-tasten etter at du har klikka på markeringsverktøyet, vil verknaden vere avhengig av kva verktøy du bruker.

Alt

Når du held nede Alt-tasten kan du flytte den aktive markeringa. Bare omrisset blir flytta, ikkje innhaldet. Dersom heile biletet flytter seg, kan du prøve tastekombinasjonen Shift+Alt i staden. Dette fordi Alt-tasten kan bli brukt av vindaugebehandlaren i operativsystemet. GIMP vil i slike tilfelle ikkje få melding om at tasten er i bruk. Dette er ikkje ein feil i GIMP.

Shift

Som for Ctrl-tasten har også Shift-tasten to ulike effektar:

  • Trykker du ned tasten før du klikkar på markeringsverktøyet, vil markeringa vere i addisjonsmodus så lenge du held Ctrl-tasten nede. Dette betyr at markeringa vil bli lagt til eksisterande markering.

  • Trykker du ned tasten etter at du klikka på markeringsverktøyet, vil effekten vere avhengig av kva verktøy du bruker. Eksempelvis vil rektangelmarkeringa bli kvadratisk.

Ctrl+Shift

Kombinasjon Ctrl+Shift kan resultera i mange ulike effektar avhengige av kva verktøy som for tida er aktivt. Felles for alle markeringsverktøya er at markeringsmodus blir endra til “snitt” (bm.: “kryss”). Dette betyr at markeringa vil bli sett saman av det som er felles for den aktuelle markeringa og den markeringa som finst i biletet frå før. Det blir leksa di å finna ut dei ulike kombinasjonane som kan lagast ved å halde nede Ctrl+Shift samstundes og deretter slepp ein av dei eller begge før du slepp museknappen. Resultatet er også avhengig av operativsystemet du bruker, difor er det vanskeleg å gi eit eintydig svar her.

Mellomromstasten

Held du nede Mellomromstasten medan du bruker eit markeringsverktøy, vil verktøyet bli omdanna til eit flytteverktøy så lenge du held tasten nede.

2.1.2. Verktøyinnstillingar

Her vil du finne ein omtale av dei verktøyvala som er felles for alle markeringsverktøya. Dei vala som finst bare for noen få verktøy, eller som verkar ulikt på ulike verktøy, er omtalte under dei verktøya dette gjeld. Normalinnstillingane kan du sjå i dialogvindauget for innstillingane til det aktuelle verktøyet. Denne dialogen er alltid synleg, til vanleg like under verktøyskrinet, når verktøyet er aktivisert. For å gjere dialogen konsekvent, er alle innstillingsvala viste for alle markeringsverktøya, skjølv om noen av dei ikkje er i bruk for ein del av berktøya.

Modus

Dette bestemmer måten markeringa skal kombinerast med markeringar som finst i biletet frå før. Legg merke til at alle desse funksjonane også kan utførast ved hjelp av modustastane beskrivne ovanfor. Som oftast finn den erfarne brukaren det enklast å nytta tastane, medan nybyrjaren finn det lettast å bruker knappane.

Erstatt: Ei eksisterande markering vil bli bytta ut med den nye markeringa.

Legg til: Den nye markeringa vil bli lagt til ei eksisterande markering.

Trekk frå: Den nye markeringa vil bli trekt i frå ei eksisterande markering.

Snitt: Den endelege markeringa blir eit snitt mellom den nye markeringa og den eksisterande markering, altså sett saman av det som er felles for begge markeringane.

Kantutjamning

Gjer at kantane på markeringa blir litt mjukare. Dette valet verkar bare på noen få av markeringsverktøya.

Fjørkantar

Dette valet lagar kantane på markeringa uskarpe slik at punkt i grenseområda blir bare delvis markerte. Sjå i ordboka under Fjørkantar.

2.1.3. Tilleggsinformasjon

[Notat] Notat

Flytter du ei markering utanfor biletkanten, vil markeringa bli krympa slik at ho passar biletområdet. Markeringane kan bare finnast innføre biletområdet. Alle flyttingar og andre endringar i markeringane blir registrerte i angreloggen, og kan såleis alltid tilbakeførast dersom du angrar det du har gjort.