2.3. Banedialogen

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1980 $ 2007-03-13 KoSt

Figur 13.12. Banedialogen

Banedialogen

Banedialogen blir brukt når du skal behandla banar. Frå denne dialogen kan du lage eller fjerne banar, lagra dei, omforma dei til og frå markeringar osv.

Banedialogen kan limast inn i andre dialogar eller som eigen dialog. Sjå Dialogar og tavler korleis dette kan gjerast. Du kan få tilgang til katalogen på fleire måtar:

2.3.1. Oppkall av dialogen

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarBanar

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarOpprett nytt dialogvindauge Dette gir deg tilgang til tre dialogar der banedialogen er ein av dei.

  • frå biletmenyen: DialogBanar

  • frå ein annan dialogmeny: Legg til faneBanemenyen

2.3.2. Å bruke banedialogen

Kvar bane høyrer til eitt bilete. Banane er komponentar i biletet på same måten som laga er det. I banedialogen blir det vist ei liste over alle banane som høyrer til det aktive biletet. Bytter du til eit anna bilete, vil banedialogen vise banane i det nye biletet. Dersom banedialogen er lagt i same dialogvindauget som “Lag, kanalar og banar”, vil du finne namnet på det aktive biletet øvst i biletmenyen. Skulle bilietmenyen mangla, kan du alltids legge han til ved å velje Vis vald bilete frå fanemenyen.

Dersom du har kjennskap til lagdialogen, vil du sjå at banedialogen på mange måtar er nokså mykje det same. Dialogien viser ei liste over alle banane i biletet, med fire opplysningar for kvar bane:

Synleg bane av/på

Dersom banen er synleg, blir dette vist med eit bilete av eit “ope auge”. Dersom banen ikkje er synleg, vil det i staden vere ein blank plass der auget skulle ha vore. Med “synleg” meiner ein her at det blir vist eit spor av banen på biletet. Sjølve banen blir eigentleg ikkje ein del av biletet før han blir strekt opp eller teikna på. Du kan slå visinga av banen av ved å klikka på augesymbolet, og på ved å klikka på plassen der det skulle ha vore.

lenk saman banar

Til høgre for augesymbolet blir det vist eit “lenkesymbol” dersom banen er lenka saman med andre banar. Elles bare eit blankt område. At banane er lenka saman betyr i denne samanhengen at dersom du t.d. skalerer eller på andre måtar omformar eit bilete, vil dette påverka alle biletdelane som er lenka saman. Du kan slå lenka av ved å klikka på lenkesymbolet, og på ved å klikka på plassen der det skulle ha vore.

Miniatyrbilete

Miniatyren viser ei skisse av banen. Dersom du klikkar på miniatyren kan du dra han over i eit bilete for å lage ein kopi av banen der.

Banenamnet

Namnet på banen må vere unikt. Dersom du gir banen eit namn som er i bruk frå før, vil det bli lagt til eit tal, t.d. “#1” for å gjere det eineståande.

Dersom det finst namn i lista, vil eit av dei vere markerte for å vise kva for bane som er den aktive banen i biletet. Det er denne banen alle operasjonane blir utført på når du bruker dialogmenyen eller knappane nedst i dialogvindauget. Du kan klikke på lista for å gjere ønskt bane aktiv.

2.3.3. Knappane

Knappene nedst i dialogvindauget samsvarar med tilsvarande oppføringar i banemenyen som dukkar opp når du høgreklikkar på lista. Noen av knappane har likevel noen tilleggsfunksjonar som blir tilgjengelege når du held nede ein kontrolltast medan du klikkar.

Ny bane

Knappen Ny bane blir brukt for å opprette ein ny, tom bane. Det dukkar opp eit dialogvindauge der du kan skrive inn namnet på den nye banen. Held du samstundes nede Shift-tasten, vil banen bli lagt til lista med namnet “Ny bane”.

Løft banen

Knappen Løft banen flytter den aktive banen eitt hakk oppover på lista.

Senk banen

Knappen Senk banen flytter den aktive banen eitt hakk nedover på lista.

Kopier banen

Knappen Kopier bane lagar ein kopi av den aktive banen.

Bane til markering

Omformar den aktive banen til ei markering. Sjå meir om denne prosessen under Bane til markering. Du kan bruke kontrolltastane for å bestemme korleis den nye markeringa skal fungera i høve til eksisterande markering:

Tast Handling
Ingen Bytt med eksisterande markering
Shift Legg til markeringa
Ctrl Trekk frå markeringa
Shift-Ctrl Snitt mellom markeringane
Markering til bane

Held du nede Shift-tasten medan du trykker på denne knappen, kjem det opp ein dialog med Avanserte innstillingar. Denne er verkeleg avansert og bare nyttig for noen ganske få. (Kanskje difor han ikkje er opna for omsetting?)

Strek opp bane

Knappen Strek opp bane blir brukt for å omforma banen til ei teikning.

Slett banen

Knappen Slett banen blir brukt for å fjerne den aktive banen frå lista og biletet.

2.3.4. Banemenyen

Figur 13.13. Menyen for banedialogen

Menyen for banedialogen

Den enklaste måte å få fram banemenyen er å høgreklikka på ei vising av ein bane i banedialogvindauget. Men du kan også klikka på fanemenyen og velje banemenyen derifrå. Banemenyen gir tilgang til dei aller fleste funksjonane du kan bruke på ein bane.

Baneverktøy

Baneverktøyet er bare ein annan måte å få tilgang på baneverktøyet på. Dette verktøyet blir brukt for å opprette og forandre banar. Du kan også bruke snartasten B.

Rediger baneinnstillingane

Rediger baneinnstillingane lovar nok meir enn han kan halda, for det einaste du kan bruke denne til, er å gi banen eit nytt namn i dialogvindauget som dukkar opp. Du kan oppnå det same ved å dobbeltklikka på banenamnet i banedialogen.

Ny bane

Ny bane opprettar ein ny bane og legg denne til lista i banedialogen. Den nye banen blir samstundes den aktive banen. Du får også opp dialogvindauget for å gi den nye banen eit namn. Den nye banen har ingen former for ankerpunkt, så du må bruke baneverktøyet for å legge inn slike punkt før du kan bruke banen til noe som helst.

Løft banen

Løft banen flytter banen eitt steg oppover på lista i banedialogen. Kva plass banen har i lista betyr ingenting for bruken av banen, men det kan vere til litt hjelp for å halde oversynet.

Senk banen

Senk banen flytter banen eitt steg nedover på lista i banedialogen. Kva plass banen har i lista betyr ingenting for bruken av banen, men det kan vere til litt hjelp for å halde oversynet.

Kopier bane

Kopier banen lager ein kopi av den aktive banen, legg kopien inn i lista over banar og gir han same namnet som originalen med prefikset “Kopi av” framføre. Kopien blir gjort til den aktive banen. Legg merke til at kopien bare er synleg dersom originalen er synleg.

[Notat] Notat

Dersom du kopierer ein synleg bane, vil banen “forsvinne” frå biletvisinga. Dette skjer fordi banarblir teikna i såkalla XOR modus (“anten-eller-modus” for dei som har vore borti matematikk). Dette fører til at når to banar blir liggande på same staden, blir dei begge usynlege. Flytt på ein av dei for å få fram begge.

Slett banen

Slett banen fjernar den markerte banen frå biletet og frå lista i banedialogen.

Flett saman synlege banar

Flett saman synlege banar hentar alle synlege banar i biletet, dvs. banar som har synleg augesymbol i banedialogen, og lager dei om til deler i ein enkel bane. Dette kan vere nyttig dersom du t.d. ønskjer å streke dei opp på same måten.

Bane til markering, Legg til markering, Trekk frå markering og Snitt med markering.

Alle desse kommandoane omformer den aktive banen til ei markering og kombinerer denne på ein eller annan måte med den eksisterande markeringa. (Unntaket er “Bane til markering” som erstattar den gamle markeringa med den nye). Eventuelle opne markeringar blir lukka med ei rett linje mellom det første og det siste ankerpunktet. Dei “marsjerande maura” som markerer grensa for markeringa, vil følgje nokså nøyaktig der banen var, men vent ikkje at resultatet skal bli perfekt.

Markering til bane

Du har tilgjenge til denne operasjonen på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via MarkerTil bane

  • Frå banedialogen via Markering til bane.

  • Frå knappen Markering til bane nedst i banedilogvindauget.

  • Frå knappen Markering til bane i innstillingane for baneverktøyet

Markering til bane lager ein ny bane frå omrisset av den aktive markeringa. Som oftast vil banen følgje “Dei marsjerande maura” som viser omrisset, men av og til kan det bli små avvik.

Konverteringa av ei todimensjonal markering til ein eindimensjonal bane treng litt spesiell matematikk. Du kan forandra måten dette blir gjort på ved å opna dialogen Avanserte innstillingar. Denne får du tilgang til ved å halde nede Shift-tasten medan du trykker på knappen Markering til bane nedst i banedialogen. Dialogen gir deg tilgang til 20 ulike innstillingar og variablar for denne omforminga, alle med kryptiske namn. Denne dialogen er helst tiltenkt utviklarane, men kan kanskje også vere til litt nytte for den avanserte, eller eksperimentelle, brukaren.

Strek opp bane

Du får tilgang til denne operasjonen på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via RedigerStrek opp bane

  • Frå banedialogmenyen via Strek opp bane.

  • Frå knappen Strek opp bane nedst i banedialogen

  • Frå knappen Strek opp bane i innstillingane for baneverktøyet

Strek opp bane” teiknar den aktive banen på det aktive biletlaget ved hjelp av ulike linjestilar og teiknemåtar. Sjå seksjonen Stek opp for meire informasjon.

Kopier bane

Kopier bane kopierer banen over til utklippstavla for banarslik at du kan lime han inn i andre bilete.

[Tips] Tips

Du kan også kopiere og lime ein bane ved å dra miniatyren i banedialogen over til eit biletvindauge.

Lim inn bane

Lim inn bane lager ein bane frå innhaldet i utklippstavla frå banar og legg han inn i lista i banedialogen. Den nye banen blir den aktive banen. Dersom det ikkje finst ein bane på utklippstavla, vil denne menykommandoen vere deaktivisert.

Importer bane

Importer bane lager ein ny bane frå ei SVG-fil. Du får opp eit dialogvindauge der du kan finne fram til fila. Sjå meir om SVG-filer og korleis dei kan brukast i GIMP i avsnittet om Banar.

Eksporter bane

Eksporter bane gir deg høve til å lagra ein bane i ei fil. Du får opp eit dialogvindauge der du kan velje filnamn og plassering. Denne fila kan du etter behov legge inn eit bilete ved hjelp av kommandoen Importer bane. Lagringsformatet for banefiler er SVG. Dette betyr at banefilene kan opnast i program for vektorgrafikk som t.d. Sodipodi og Inkscape. Sjå meir om SVG-filer og korleis dei kan brukast i GIMP i avsnittet om Banar.