2. Dialogar for biletoppbygginga

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1980 $ 2007-03-13 KoSt

Dialogan i denne gruppa gir deg kontroll med dei funksjonane som har med biletoppbygginga å gjere, altså lag, kanalar og banar.

2.1. Lagdialogen

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1980 $ 2007-03-13 KoSt

Figur 13.1. Lagdialogen

Lagdialogen

Lagdialogen er hovudinngangen når du skal redigere, endre eller styre laga på andre måtar. Du kan sjå på laga som den stabelen av foliar som teiknefilmprodusentane bruker, eller som kleda på kroppen din. Ved hjelp av laga kan du bygge opp eit biletet av mange ulike partar, der kvar del kan bli behandla uavhengig av, og utan å påverka, resten av biletet. Laga blir stabla oppå kvarandre, frå botnlaget og oppover. Det ferdige biletet er summen av alle laga slik du ser stabelen ovanfrå.

Figur 13.2. Eit bilete med lag

Eit bilete med lag

Laga i biletet

Eit bilete med lag

Sluttbiletet:


2.1.1. Aktivering av dialogen

Du kan kalle opp lagdialogen på mange måtar:

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarLag

  • frå biletmenyen: DialogarLag

  • frå ein annan dialogmeny: Legg til faneLag

  • eller frå snarvegen: Ctrl-L

2.1.2. Å bruke lagdialogen

Oversyn

Alle laga opptrer som miniatyrar i lagdialogen. Dersom det er fleire lag i biletet, får du ei heil liste med miniatyrar. Det øvste laget i denne lista er det første synlege laget. Det nedste laget, bakgrunnen, er minst synleg, om synleg i det heile. Over denne lista er det ein del innstillingar som gjeld for kvart einskild lag. Under lista noen knappar som gjeld for heile lista. Dersom du høgreklikkar på miniatyren, dukkar Lagmenyen opp.

Lageigenskapane

I tillegg til miniatyren, blir det også vist ein del andre eigenskapar for kvart lag. Heilt til høgre finn du lagnamnet. Dersom du dobbeltklikkar på namnet eller miniatyren, kan du redigere namnet på lagtet. Framføre miniatyren finn du eit bilete av eit auge . Du bestemmer om laget skal vere synleg eller ikkje ved å klikke på dette auget. Held du nede Shift-tasten når du klikkar, vil alle dei andre laga bli usynlege. Mellom auget og miniatyren finn du eit ikon som viser ei lenke . Du gjer lenka synleg eller usynleg ved å klikka på symbolet. Alle laga som har synleg lenke, er grupperte saman slik at du kan arbeida på alle samstundes, for eksempel med flytteverktøyet.

[Tips] Tips

Dersom laget er eit animasjonslag (GIF eller MNG), kan det vere lurt å gi laget eit namn som inneheld ein del parametrar: Lag_namnet (pause i ms) (kombinasjonsmodell). For eksempel “Ramme_1 (100 ms) (bytt ut)”. Pause (“delay”) bestemmer kor lenge laget skal vere synleg. Kombinasjonsmodellen bestemmer korleis overgangen mellom to bilete skal vere. Du kan velje mellom (kombiner) og (bytt ut).

Lageigenskapar

Over laglista finn du ulike knappar som blir brukte for å bestemma ein del av eigenskapane til det aktive laget, dvs. det laget som er utheva i lista. Det du kan bestemma er “Lagmodus”, “Lås gjennomsikt” og “Dekkevne”.

Lagmodus

Figur 13.3. Lagmodus

Lagmodus

Lagmodus bestemmer korleis laget skal blandast med dei andre laga, og kunne kanskje like gjerne ha heitt blandemåte. Du vel modus frå nedtrekkslista. Alle dei ulike modus er nærare omtalte i Seksjon 2, “ Lagmodus.

Lås gjennomsikt

Figur 13.4. Lås gjennomsikt

Lås gjennomsikt

Dersom du kryssar av for dette valet, ved å klikke på området som på figuren over er merka med kvit, vil gjennomsiktige område i laget bli verande gjennomsiktige sjølv om du har markert for Fyll gjennomsiktige område i fyllverktøyet.

Gjennomsikt

Figur 13.5. Gjennomsikt

Gjennomsikt

Du bestemmer dekkevna for laget, dvs. kor gjennomsiktig det skal vere, med glidebrytaren. Ei dekkevne på 0 betyr at laget er fullstendig gjennomsiktig, medan ei dekkevne på 100 betyr at laget har full dekkevne og altså er fullstendig ugjennomsiktig. Dette er ikkje det same som lagmasker, som sett gjennomsikt piksel for piksel.

Lagstyring

Under lista finn du eit sett med knappar som blir brukte for å gjere noen grunnleggjande operasjonar på laglista.

Rediger lageigenskapane

Dersom du har denne knappen kan du bruke han til å forandre namnet på laget. Det same som når du klikkar på namnet eller miniatyren i lista.

Nytt lag

Klikk på denne for å opprette eit nytt lag. Det kjem opp eit dialogvindauge der du kan skrive inn Lagnamn og eventuelt endre forslaga til Høgde, Breidde og Fylltype for laget.

Løft laget

For kvart klikk på denne knappen blir det aktive laget løfta eitt steg høgare opp i stabelen. Held du samstundes nede Shift-tasten, blir laget løfta heilt til topps.

Senk laget

For kvart klikk på denne knappen blir det aktive laget senka eitt steg nedover i stabelen. Held du samstundes nede Shift-tasten, blir laget senka heilt til botnen.

[Tips] Tips

Før du kan flytte botnlaget, kan det vere nødvendig å legge til ein alfakanal (gjennomsikt). Dette gjer du ved å høgreklikke på bakgrunnslaget og velje Legg til alfakanal frå menyen som dukkar opp.

Kopier laget

Denne knappen oppretter ein kopi av det aktive laget. Kopien får same namnet som originalen med “Kopi av” framføre.

Forankre laget

Når det aktive laget er eit flytande lag, vist med ikonet , vil eit trykk på denne knappen forankre laget til det tidlegare aktive laget.

Slett laget

Sletter det aktive laget.

Fleire lagfunksjonar

Du kan finne fleire innstillingar for lag i Lagmenyen som kjem fram når du høgreklikkar på lagdialogen eller hentar han frå lagmenyen i biletet.

Har du bruk for å flette saman lag, kan du gjere dette frå undermenyen Bilete i biletmenyen.

Klikk og dra lag

Dersom du held nede museknappen over miniatyren av laget i lagmenyen, kan du flytte laget dit du ønskjer.

  • Du kan sleppe laget ned på ein annan plass i lista.

  • Du kan også sleppe det ned i verktøyskrinet for å opprette eit nytt bilete av bare dette laget.

  • Du kan sleppe det i søppelbøtta, men som oftast er det enklare å bare klikke på bøtta.

  • Endeleg kan du sleppe laget ned i eit anna bilete. Laget blir plassert i laglista over dei som er der frå før.

2.1.3. Lagmasker

Figur 13.6. Dialogvindauget “Legg til maske

Dialogvindauget Legg til maske

Oversyn

I kvart lag kan du legge til ei maske som styrer gjennomsikta for pikslane i biletlaget. Ei slik maske blir kalla ei lagmaske, og har same format og mengde pikslar som laget ho er knytt til. Kvar piksel i maska er kopla saman med tilsvarande piksel i laget, og kan ha ein gråtoneverdi frå 0 til 255. Det er denne verdien som bestemmer kor gjennomsiktig den tilsvarande pikselen skal vere. Ein piksel med verdien 0 er svart, og gir full gjennomsikt til den tilsvarande pikselen i laget. Pikselen blir rett og slett usynleg. Ein piksel med verdien 255 er kvit, og gjer at den tilsvarande pikselen i laget ikkje har gjennomsikt i det heile. Pikselen har full dekkevne.

Du kan oppretta ei lagmaske ved å høgreklikka på laget for å få fram lagmenyen, og deretter klikka på Legg til lagmaske i menyen. Det vil då dukka opp eit dialogvindauge der du kan bestemme innhaldet i maska:

  • Kvit (Heilt ugjennomsiktig): Maska har ingen effekt, alle pikslane i laget er fullt synlege.

  • Svart (Heilt gjennomsiktig): Maska gir full gjennomsikt til laget, som blir usynleg.

  • Alfakanalen til laget: Maska blir ein kopi av alfalaget. Eventuell gjennomsikt blir overført til maska. Alfakanalen er uforandra.

  • Overfør alfakanalen for laget: Gjer det same som føregåande, men alfakanalen blir sett til full dekkevne, altså ugjennomsiktig.

  • Markering : Maska blir sett opp med pikselverdiane frå markeringa.

  • Gråskalakopi av laget: Maska blir sett opp med pikselverdiane frå laget.

  • Inverter maska: Maska blir invertert slik at dei gjennomsiktige områda blir ugjennomsiktige, og omvendt.

Når det blir oppretta ei maske, vil dette bli vist med ein miniatyr til høgre for lagminiatyren i lagdialogen. Ved å klikke på ein av miniatyrane, kan du aktivisera laget eller maska. Den som er aktiviert, får ei kvit ramme rundt miniatyren. Denne ramma er ikkje alltid så god å sjå rundt ei kvit maske. Dersom du vil sjå innhaldet i maska i staden for verknaden, trykk Ctrl-Alt samstundes med at du klikkar på miniatyren. Du gjer det same igjen for å kome tilbake til normalvisinga.