Dette filteret legg til ein subtil gjennomskinleg 3D-effekt i utvalet eller alfakanalen. 3D-effekten vert laga ved
Ved å leggja inn høglys ved hjelp av eit nytt lag («Highlight») over det aktive laget. Dette laget vert fylt med den valde høglysfargen. Deretter vert det lagt til ei lagmaske i det nye laget for å gjera pikslane i laget delvis gjennomsiktige.
Høglyslaget vert utvida på anten venstre og øvre kant eller høgre og nedre kant. Dei utvida områda vert malt med høglysfargen og får full dekkevne.
Lagar ein slagskugge nede til høgre i utvalet.
Du kan sjølvsagt forandra innstillingane og for eksempel bruka ulike fargar for høglyset og skuggen, eller forandra retninga og mengda av forskyvingane.
Filteret har to innstillingsgrupper. Kvar av dei kontrollerer høglyset eller skuggen. Dessutan ein kontrollboks for å setja oppførsla til utvalet.
Desse forskyvingane bestemmer breidda på dei kantane som skal malast med høglysfargen. Dersom forskyvinga er mindre enn 0 (normalinnstillinga) vil den venstre (X-forskyving < 0) og den øvre kanten (Y-forskyving < 0) vert farga. Er verdiane større enn 0 vert den venstre kanten (X-forskyving > 0) eller den nedre kanten (Y-forskyving > 0) farga.
Dette er høglysfargen som vert brukt på dei valde områda. Normalinnstiullinga er kvit, men du kan skifte farge ved å klikke i fargeruta for å få fram fargeveljaren.
Denne glidebrytaren bestemmer kor gjennomsiktig det valde området skal vera. Sidan dette vert gjort ved hjelp av ei lagmaske, går området for glidebrytaren frå 0 (full gjennomsikt) til 255 (full dekkevne).
Normalinnstillinga er sett til 66, som tilsvarar 26 %.
Desse innstillingane verkar på same måte som alternativa i slagskugge, men utan å forandra storleiken. Kort:
Klikk på knappen for å opna fargeveljaren.
Dekkevna (0% - 100%) for laget som inneheld slagskuggen.
Radius brukt av filteret Gaussisk sløring og vert lagt til i skuggen.
Lengda og retninga som skuggen vert flytt frå utvalet.
Dersom denne er avkryssa, vil det aktive utvalet også vera det aktive utvalet etter at filteret er brukt.