3.13. Slør flisfugene

3.13.1. Oversyn

Figur 17.34. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Verknad av filteret «Slør flisfugene»


Dette filteret er i script-fu og ikkje GEGL-basert.

Dette filteret vert brukt for å mjuke opp fugene mellom flisene i ein flislagt bakgrunn ved å jamne ut og sløra overgangane mellom bileta som utgjer flisene.

[Tips] Tips

Dersom du ønskjer å behandla berre biletkantane bør du ikkje bruke filteret på heile biletet. Løysinga er:

  1. Dupliser laget ( LagDupliser laget) og gjer kopien til det aktive laget.

  2. Bruk filteret «Slør flisfugene» med ein 20 piksels radius på dette laget.

  3. Vel alt (Ctrl + A) og krymp utvalet ( UtvalKrymp) for å lage ein kant med den ønskte breidda.

  4. Lager ein mjuk kant på utvalet ved å bruke UtvalMjuk kant.

  5. Slett utvalet med Ctrl + K.

  6. Flett saman laga med kommandoen LagFlett saman nedover.

3.13.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterSløringSlør flisfugene.

3.13.3. Innstillingar

Figur 17.35. Innstillingane for filteret «Slør flisfugene«

Innstillingane for filteret «Slør flisfugene«

Sløringsradius

Dess større radius dess meir markant sløring.

Slør vertikalt, Slør horisontalt

Her bestemmer du om dei vertikale og/eller dei horisontale fugene skal slørast.

Sløringstype

Vel algoritmen som skal brukast:

IIR

for foto og skanna bilete.

RLE

for bilete generert med datamaskin, teikningar.