3. Sløringsfiltera

3.1. Innleiing til sløringsfiltra

Figur 17.2. Originalbiletet

Originalbiletet

Alle filtera i denne kategorien slører biletet, eller deler av det, på ein eller annan måte. Dersom det er eit utval i biletet, vil sløringa berre påverke dette. Det hender likevel av og til at det vert litt fargelekkasje over i det umarkerte området. For å gje eit inntrykk av kva dei ulike filtra gjer, vil vi syna verknaden av dei på det viste originalbiletet. Eksempla er meint som eit lite oversyn over kva dei ulike filtra kan gjera. Det er uråd å visa alle moglege innstillingar for alle filtera.

Figur 17.3. Gaussisk sløring (radius 10)

Gaussisk sløring (radius 10)

Gaussisk sløring er kanskje det mest brukte sløringsfilteret. Det bruker enkel matematikk og er såleis nokså raskt, men likevel med ganske brukbare resultat.

Figur 17.4. Selektiv gaussisk sløring

Selektiv gaussisk sløring

Filteret «Selektiv gaussisk sløring» gjev deg høve til å setja ein grenseverdi slik at berre pikslar som liknar kvarandre vert sløra. Dette kan vere nyttig for å redusera korn i biletet utan å sløra skarpe kantar. Legg merke til i eksempelet at korninga i bakgrunnen er redusert. Filteret er mykje tregare enn gaussisk sløring, så du bør berre bruka det når du verkeleg treng funksjonen.

Figur 17.5. Pikseliser

Pikseliser

Filteret «Gjer om til pikslar» omformar biletet til større eller mindre kvadratiske biletpunkt. (I USA kalla «Abraham Lincoln effekten»). Filteret liknar litt på filteret oljemaling i gruppa for artistiske filter, men med uregelmessige dråpar i staden for regelmessige kvadratiske pikslar.

[Notat] Notat

Denne effekten er nærare forklart (på engelsk) i [BACH04] som «Abraham Lincoln Effekt». Her er Salvador Dalis målarstykke «Gala mønstrar Middelhavet» omforma til eit portrett av Abraham Lincoln når du studerer det litt på avstand.

Med GIMP 2.10 vart filteret fartssløring delt i sirkulær, lineær og zoom.

Figur 17.6. Filteret «Sirkulær rørslesløring»

Filteret «Sirkulær rørslesløring»

Det sirkulære fartsfiltertet slører sirkelforma rundt eit midtpunkt som du kan bestemma plasseringa av.

Figur 17.7. Filteret «Lineær fartssløring»

Filteret «Lineær fartssløring»

Det lineære fartsfilteret slører i ei retning du kan bestemma.

Figur 17.8. Filteret «Zoom fartssløring»

Filteret «Zoom fartssløring»

Zoom-fartsfilteret slører radielt rundt eit midtpunkt du kan bestemma.

Også filteret Slør flisfugene er eigentleg ei gaussisk sløring, men brettar rundt kantane på biletet for å gjere dei mindre synlege når du lagar mønster ved å legge fleire biletkopiar side om side.

[Notat] Notat

Slør flisfugene er eigentleg eit Script-Fu skript som kallar opp programtillegget for gaussisk sløring.