Dette filteret vert brukt til å teikne ei tredimensjonal kule med ulike teksturar. Filteret skriv over originalbiletet.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane vert ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen
. Ikkje alle endringane vert oppdaterte automatisk. Du må då klikke på knappen for å sjå resultatet av endringane.Tekstur
Denne lista viser teksturar som du har lagt inn for å bruke på kula. Teksturane vert brukte i den rekkefølgja dei har i lista. Kvar oppføring viser teksturnamn og teksturtype.
Lager ein ny tekstur og legg denne nedst i lista. Namnet på den nye teksturen er avhengig av innstillingane du har sett i tekstureigenskapane, og vil forandre seg etter som du forandrar eigenskapane dersom teksturen er markert.
Kopierer den markerte teksturen og legg kopien nedst i lista.
Sletter den markerte teksturen frå lista.
Gir deg høve til å lagra dei aktive innstillingane og henta dei fram igjen seinare.
Eigenskapar
Bestemmer kva som skal gjerast med kula.
Dekker kula med eit spesifisert mønster.
Gir ein viss relieffefekt til teksturen.
Blir brukt for å setje parametra for lyset som treff kula.
Bestemmer mønsteret som skal brukast av teksturtypen. Dersom teksturen er sett til
, vert lyset påverka av dette mønsteret på same måten som lyset skulle gått gjennom teksturen før det traff kula. Dersom type er sett til vert mønsteret avsett på kuleoverflata. Følgjande val er tilgjengelege: «Einsfarga», «Sjakkbrett», «Marmor», «Firfisle», «Phong», «Støy», «Tre», «Spiral» og «Punkt».Set dei to fargane som vert brukte i teksturen. Klikk på fargeboksane for å opna for fargeveljaren.
Her bestemmer du kor stort kvart element i mønsteret skal vere. For eksempel vil denne kontrollen bestemme kor store rutene skal vere i «Sjakkbrett».
Styrer kor mykje teksturen skal forvrengast. Verdiane går frå 0 til 10. Med verdiar mindre enn 1,0 er det framleis mogleg å få ut eit uforstyrra mønster. Over denne verdien vert mønsteret gradvis tilført meir støy.
Bestemmer kor sterk påverknaden teksturen skal ha på det ferdige resultatet. Verdiane går frå 0, inga endring, til 1,0.
Styrer relativ styrkefordeling mellom fargane.
Transformasjonar
Desse tre glidebrytarane styrer kor mykje teksturen skal strekkast eller komprimerast på kula i dei tre retningane.
Desse tre glidebrytarane styrer kor mykje teksturen skal roterast rundt dei tre aksane.
Bestemmer dei tre posisjonane for teksturen i høve til kula. Dersom type er sett til
, vil desse parametra referere til posisjonen for lampa.Knappen
set alle parametra tilbake til normalverdiane.