8.54. Palettutglatting

8.54.1. Oversyn

Figur 16.249. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret «Palettutglatting»


Filteret lagar ein stripete palett av fargane i det aktive laget eller det aktive utvalet. Hovudføremålet med dette filteret er å lage fargekart til bruk med filteret Flamme.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar berre på RGB-bilete. Viss biletet er i gråtone eller er indeksert, er denne menyoppføringa slått av.

8.54.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen under FargarInfoPalettutglatting.

8.54.3. Innstillingar

Figur 16.250. Innstillingane for filteret «Palettutglatting»

Innstillingane for filteret «Palettutglatting»

Breidde - Høgde

Dette er Breidde og Høgde for paletten. Dersom lenka ikkje er broten vil desse to vere lenka saman. Du bryt eller opnar lenka ved å klikke på lenkesynbolet. Du kan også velje andre einingar enn pikslar dersom dette er ønskjeleg.

Søkedjupn

Aukande søkedjupn (1 - 1024) resulterer i fleire fargesjatteringar i paletten.