Filteret «Filmstripe» let deg setja inn eitt eller fleire bilete på ein filmstrimmel.
Notat | |
---|---|
Dette filteret inverterer ikkje fargane, så det imiterer ikkje ein negativ film, altså ein slik film som det vert laga papirbilete av. I staden kan du tenkja deg at det imiterer eit lysbilete eller ein kinofilm. |
Filmstripe
Brukar høgda på det originale biletet i det endelege biletet.
Her kan du bestemma høgda på sluttbiletet. Dersom bileta har ulike format, vert dei skalerte til den høgda du skriv inn her.
Klikk på fargeknappen for å definera farge på den delen av filmen som er rundt og mellom bileta.
Nummerering
Definerer kva tal nummereringa av bileta skal starte frå.
Definerer skrifttypen for tala.
Ved å klikka på fargeknappen kan du velja farge på tala.
Her bestemmer du plasseringa av talet.
Biletutval
Viser bileta som kan flettast. Bileta er dei som alt er opna i GIMP.
Viser bileta som skal vere med på filmen.
Denne knappen vert brukt for å leggja eit tilgjengeleg bilete over i lista «På filmen».
Trykk på denne knappen for å flytta eit bilete frå «På filmen» til «Tilgjengelege bilete». Biletet vil nå ikkje verta brukt i sluttdokumentet.
Definerer høgda på kvart bilete på filmstripa.
Definerer avstanden mellom bileta som vert sette inn i det framtidige biletet.
Bestemmer kor langt gripeholet skal vera frå biletkanten.
Bestemmer kor breie gripehola skal vere i det ferdige biletet.
Bestemmer kor høge gripehola skal vera i det ferdige biletet..
Bestemmer avstanden mellom gripehola.
Bestemmer høgda på indekstala, proporsjonale med bilethøgda.