10.2. Djupfletting

«Djupfletting» er eit kombinasjonsfilter som er nyttig når to ulike bilete eller lag skal kombinerast. Du kan bestemma kva del av kvart av bileta eller lag som skal vera synleg.

10.2.1. Oversyn

Figur 17.192. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Filteret brukt


Kvart bilete er knytt til eit kart som fungerer som ei maske. Lag ganske enkelt dette kartet som ein fargeovergang i gråtone: når han vert brukt på biletet, vil mørke område i maska visa det underliggande biletet, medan lyse område i maska vil dekkja over biletet.

[Notat] Notat

Filteret kan berre bruka bilete og kart som er like store og som er opna på skjermen.

Du kan også bruka dette filteret på eit bilete med fleire biletlag. Alle laga vert viste i nedtrekkslista som du kan bruka for å velja bilete. Alle laga må vera like store.

10.2.2. Å opna filteret

Du finn dette filteret i FilterKombinerDjupfletting….

10.2.3. Innstillingar

Figur 17.193. Innstillingane for filteret «Djupfletting»

Innstillingane for filteret «Djupfletting»

Kjelde 1, Kjelde 2

Definerer kjeldebiletet som skal brukast ved blandinga.

Djupnkart

Definerer biletet som skal brukast som transformeringskart for kjeldene.

Overlapping

Lagar mjuke overgangane mellom bileta.

Forskyving

Denne innstillinga skiftar flettegrensa slik at eit bilete vert meir eller mindre viktig i høve til det andre.

Skalering 1, Skalering 2

Same som «Forskyving» ovanfor, men meir kjenslevart og vert lag til kvart kart for seg. Når du skalerer til ein lågare verdiar her, vil dette påverka verdiane i kartbiletet slik at det vert mørkare. Svart vert difor meir dominant og såleis gjera meir av biletet synleg.

10.2.4. Eksempel

Karta er fargeovergangar i gråskala laga med verktøyet fargeovergangar og modifisert med kurveverktøyet.

Figur 17.194. Kjeldebileta og tilhøyrande kart

Kjeldebileta og tilhøyrande kart

Kjelde 1

Kjeldebileta og tilhøyrande kart

Kjelde 2

Kjeldebileta og tilhøyrande kart

Kart 1

Kjeldebileta og tilhøyrande kart

Kart 2


Studerer du litt på bileta av resultatet, ser du kanskje kva som har skjedd. Bilete 1 er handsama av kart 1: Den raude firkanten er maskert og den gule firkanten er synleg. Bilete 2 er handsama av kart 2: Den raude sirkelen er maskert og den grøne sirkelen er synleg. Resultat: Den grøne sirkelen og den gule firkanten er synlege framleis.

Figur 17.195. Resultat

Resultat

Utan forskyving og utan overlapping. Grensa mellom dei to bileta er skarp og nøyaktig i midten av fargeovergangsmaska.

Resultat

Forskyving = 0,980 : Grensa er skarp men er flytt slik at arealet på bilete 2 er større.

Resultat

Overlapping 0,520: Grenselinja er no sløra.

Resultat

Skalering 1 er redusert til 0,056: Som med «Forskyving» er grensa skift. Arealet for bilete 1 er større.