12.8. Prosedyrelesaren

Prosedyrelesaren viser dei prosedyrane som finst i prosedyredatabasen PDB. Desse prosedyrane er funksjonar som blir kalla opp av skript eller programtillegg. Du finn meir om dette i ordlista under PDB. Lesaren blir mest brukt av folk som skriv eigne skript eller programtillegg.

12.8.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via HjelpProsedyrelesar

12.8.2. Beskriving av dialogvindauget for «Prosedyrelesaren»

Figur 16.279. Dialogvindauget for «Prosedyrelesaren»

Dialogvindauget for «Prosedyrelesaren»

Figuren ovanfor viser dialogvindauget for prosedyrelesaren. Dersom du klikkar på eit prosedyrenamn i lista til venstre, vil det til høgre i biletet dukke opp litt informasjon (på engelsk) om programmet. Du kan også søke etter ein prosedyre ved å skrive namnet, eller deler av det, i tekstruta Søk:

etter namn

Viser ei liste over prosedyrar der delar av det innskrivne ordet i finst i kodenamna.

etter beskriving

Viser ei liste over prosedyrar der det innskrivne ordet i finst i ein eventuell omtale.

etter hjelp

Viser ei liste over prosedyrar som har det innskrivne ordet i ein eventuell tilleggsinformasjon.

etter forfattar

Viser ei liste over prosedyrar som har delar av det innskrivne ordet i namnet på programmeraren.

etter opphavsrett

Viser ei liste over prosedyrar som har delar av det innskrivne ordet i namnet på den som har opphavsrett.

etter dato

Viser ei liste over prosedyrar som har dato som inneheld det innskrivne årstalet.

[Notat] Notat

Denne spørringa bruker tekst og ikkje datoverdiar. Du kan såleis ikkje finne nokre av prosedyreinnslaga sjølv om datoen inneheld året du skreiv inn. For eksempel vil årstal skrive som «2000-2005» ikkje finne prosedyrar datert i 2001, men bare dei som er daterte i 2000 og 2005.

etter type

Shows a list of procedures which have one of four types: «Internal GIMP procedure», «GIMP Plug-In », «GIMP Extension», or «Temporary Procedure».