Viss du oppdagar ein feil når du brukar GIMP, eller du har forslag til forbetringar, kan du bruka denne kommandoen for å opna nettsida for problemsporing.
Problemsporinga er den beste staden for å gje oss melding om feil og funksjonsspørsmål. Ver gild å kontroller først om problemet ditt finst frå før. Viss du opnar eit nytt spørsmål, må du syta for å ta med all relevant informasjon, som din eksakte GIMP-versjon, operativsystemet ditt, eit skjermbilete eller eit eksempelbilete. Teksten din må vera på engelsk.