Notat | |
---|---|
Denne kommandoen verkar ikkje på bilete i gråtoner. Dersom biletet er i gråtoner er kommandoen kopla ut. |
«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».
Blandinga kan føra til eit bilete der nokre av fargane vert alt for lyse. Dette valet minskar lysverdiane for fargekanalane men beheld eit godt visuelt forhold mellom dei. Du kan endra den relative fargevektinga utan å forandra den totale lysverdien for biletet.
Koeffisient brukt på kvar kanal. Verdiane varierer frå -5 000 til 5 000. Sidan standardverdiane er like i dei tre kanalane, er biletet gråa ut.
Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».
Når dette filteret vert opna vil førehandsvisinga skifta til gråskala, men biletet er framleis eit RGB-bilete med tre kanalar. Først når du trykkjer
-knappen vert biletet omforma til gråtone.Her er måten Behald lysverdi arbeider i monokromatisk modus: «For eksempel gå ut frå at glidebrytarane er sett til 75 % raud, 75 % grøn og 0 % blå. Behald lysverdi er slått av. Resultatet vert då 75 % + 75 % + 0 % = 150 %, altså eit svært lyst bilete. Ein piksel med for eksempel verdien R; G; B = 127; 100; 80 vil enda opp med verdien 127 × 0,75 + 100 × 0,75 + 80 × 0 = 170 for kvar kanal. Dersom Behald lysverdi er slått på, vert kvar glidebrytar skalert slik at dei alltid endar opp med 100 %. I dette eksemplet vil konstanten verta 100 / (75 + 75 + 0) = 0,667. Pikselverdien vert altså endra til omkring 170 × 0,667 = 113. Behald lysverdi syter altså for at verdiane for glidebrytarane alltid endar opp med 100 %. Dette betyr at merkelege ting kan henda når brytarane har store negative verdiar». Dette sitatet er teke frå utviklaren av programtillegget.
Notat | |
---|---|
Kva kanal bør endrast?: Dette er heilt avhengig av kva du ønskjer å gjera. I prinsippet passar raudkanalen best for endringar i kontrast. Grønkanalen er god på detaljerte endringar medan den blå kanalen som oftast er best på endringar i støy og korning. Kanskje ein ide å også kikka litt på filteret Separer. |