2. Tekst

2.1. Tekstutsmykking

Figur 9.12. Fancy tekst

Fancy tekst

Fire fancy tekstar laga med logoskripta «alien neon», «kuflekkar», «frost» og «kritt». Det vart nytta normalverdiane unntatt for teiknstorleiken.


Det er mykje du kan gjera for å pynta på ein tekst i tillegg til å bruka ulike skrifttypar og fargar. Dersom du omformar teksten til eit utval eller ein bane, kan du fylla teksten, streka opp omrisset eller gjera kva du måtte ønskje med heile batteriet av verktøya som GIMP er oppsett med. Ta ein kikk på dei såkalla «logoskripta» som ligg i menyen under FilHent innLogoar. Her kan du manipulera ein innskriven tekst på ulike måtar. Skulle du ha ønskje om å endra på eit av skripta, eller programmera nye, sjå først på kapitla Å bruka Script-Fu og Innføring i Script-Fu. Eigentleg gjer ikkje desse skripta anna enn det du kan klare sjølv, men dei forenklar arbeidet.