Opna eit bilete eller byrja på eit nytt dokument.
Aktiver snarmaska ved å trykkja på knappen i nede til venstre biletvindauget. Dersom det finst eit utval i biletet, vert maska laga med innhaldet frå dette.
Vel eitt av teikneverktøya og teikna på snarmaska med svart der du ønskjer å fjerna merkte område og med kvitt for å leggja til utval. Bruk gråfarge for å gjera områda delvis utvalde.
Du kan også bruka utvalsverktøya og fylla desse utvala ved hjelp av fyllverktøyet. Dette øydelegg ikkje snarmaskemarkeringane.
Slå snarmaska av ved å trykkja på snarmaskeknappen i nedre, venstre hjørnet i biletvindauget. Dei marsjerande maura vil dukka opp igjen.