Alle transformeringsverktøya (Rotér, Skalér osv) kan verta sette til å arbeida berre på banar ved å bruka «Verkar på» valet i innstillingsvindauget for verktøya. Dette kan vera ein grei måte å forandra utsjånaden til banane utan å påverka resten av biletet.
Som standard vil transformeringsverktøya berre påverka éin aktive bane: den aktive banen for biletet som vert vist utheva i dialogvindauget Banar. Dette kan du forandra på ved å bruka «låseknappen» i banedialogvindauget. Du kan faktisk også låsa lag og kanalar på denne måten. Dersom du for eksempel ønskjer å skalera eit lag og ein bane i same målestokk, klikkar du på låseknappen slik at «lenkjesymbolet» vert synleg for desse elementa. Brukar du no skaleringa på laget eller banen, vil den andre følgja etter.