4.8. Spegelvending

Når du har bruk for at personen på biletet skal sjå den andre vegen, eller at toppen av biletet skal vera botnen, då spegelvender du biletet. Bruk Verktøy → Transformeringsverktøya → Spegelvend eller knappen -. Når du har vald spegelvendingsverktøyet, klikk innføre lerretet. Du kan velja mellom å spegelvenda vassrett eller loddrett i verktøyinnstillingane.

Figur 3.35. Menyen for «Spegelvend biletet»

Menyen for «Spegelvend biletet»

Når du har markert for spegelvendinga i verktøykassa, klikk inne i biletet. Biletet vert no spegelvend vassrett. I verktøyinnstillingane kan du velja om verktøyet skal spegelvenda vassrett eller loddrett. Dersom innstillingane ikkje er synlege under verktøykassa, dobbeltklikk på verktøysymbolet. Du kan også bruka tasten Ctrl for å veksla mellom dei to retningane.

Biletet nedanfor viser alle moglege former for spegelvendingar:

Figur 3.36. Eksempel på spegelvending

Eksempel på spegelvending

Originalbiletet

Eksempel på spegelvending

Vassrett spegelvending

Eksempel på spegelvending

Loddrett spegelvending

Eksempel på spegelvending

Vassrett og loddrett spegelvending