Kommandoen
lager ein nesten identisk kopi av det aktive laget og legg kopien like over laget han vart kopiert frå. Kopien får same namnet som det aktive laget med eit «Kopi av» framføre.Dersom du dupliserer bakgrunnslaget, som normalt ikkje har alfakanal, vert det lagt ein alfakanal til kopien. Dersom det gjeldande laget inneheld parasittar vert desse ikkje kopierte.
Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via
→ eller frå menyen som dukkar opp når du høgreklikkar i lagdialogen.I tillegg har du tilgang frå lagdialogen ved å velje på lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar, eller klikke på knappen nedst i dialogvindauget.