6.26. Flat ut biletet

Kommandoen Flat ut biletet flettar saman alle laga i biletet til eitt lag, utan alfakanal. Etter at biletet er flata ut, er innhaldet det same som før, men nå er alt samla i eitt enkelt lag utan gjennomsikt. Dersom nokre delar av biletet er gjennomsiktige gjennom heile lagstabelen, vert bakgrunsfargen synleg her.

Operasjonen gjer store forandringar i biletet. Til vanleg er denne flettinga berre nødvendig når biletet skal lagrast i eit format som ikkje har støtte for lag eller gjennomsikt (alfakanal).

6.26.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteFlat ut biletet.