Normalt inneheld denne undermenyen berre Python-Fu-konsollen slik som på biletet.
Python-Fu er ei samling av Pythonmodular som vert brukte i samband med libgimp for å skriva programtillegg («plug-ins») for GIMP.
Python-Fu-konsollen er eit dialogvindauge som køyrer eit «Python shell», dvs. eit Python tolkeprogram. Konsollen bruker rutiner frå det interne GIMP-biblioteket libgimp.
Du kan bruke Python-Fu-konsollen for å teste ut Python-kommandoane interaktivt.
Konsollen inneheld eit stort hovudvindauge for inn- og uttdata der du kan skrive Python-kommandoar. Når du skriv inn ein Python-kommando i innskrivingsboksen og trykker på Enter-tasten vert kommandoen handsama av Python og både kommandoen du skreiv inn og returverdien for denne vert skriven ut i hovudvindauget, eventuelt ei feilmelding dersom det er feil i kommandoen.
Knappane i Python-Fu-konsollen
Eit trykk på denne knappen vil lagra innhaldet i hovudvindauget, altså inn- og utdata frå Python-Fu-konsollen, inklusive «>>>
»-teikna).
Trykk på denne knappen for å fjerna innhaldet i hovudvindauget. Innhaldet forsvinn for alltid og kan ikkje hentast inn igjen med kommandoen Lagra.
Klikk på denne knappen for å opna prosedyrelesaren med ein ekstra knapp nedst i vindauget.
Når du trykker på knappen
i prosedyrelesaren vert det limt eit oppkall til den valde prosedyren inn i konsollvindauget som ein Python-kommando:Du må nå berre byta ut parameternamna (her: «width», «height» og «type») med høvelege verdiar, for eksempel
image = pdb.gimp_image_new(400, 300, RGB)
Trykk deretter Enter for å køyre kommandoen.
Du må bruka konstantane du finn i omtalen av prosedyreparametera, f. eks. «RGB-IMAGE» eller «OVERLAY-MODE». Hugs at du må erstatta bindestrekar («-») med understrekar («_»): RGB_IMAGE
, OVERLAY_MODE
.
Tips | |
---|---|
Python-Fu er ikkje avgrensa til å kalle opp prosedyrar frå PDB, (GIMP sitt prosedyrearkiv). For å lage eit nytt biletobjekt som det i eksemplet ovanfor, kan du også skrive image = gimp.Image(width, height, type) (med aktuelle verdiar for «width», «height» og «type»). |
Trykk på denne knappen for å lukke konsollen.