5.14. Videodegradering

5.14.1. Oversyn

Figur 17.93. Eksempel på bruk av filteret «Videodegradering»

Eksempel på bruk av filteret «Videodegradering»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Videodegradering»

Filteret «Videodegradering» brukt


Bruk RGB-simulering med låg punkthøgd på det spesifiserte teikneområdet.

5.14.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret via FilterForvrengingarVideodegradering….

5.14.3. Innstillingar

Figur 17.94. Innstillingane for filteret «Videodegradering»

Innstillingane for filteret «Videodegradering»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Mønster

Med desse radioknappane kan du velja rasteringsmønster. Det enklaste er å prøva seg fram og sjå på førehandsvisinga kva dei ulike mønstera gjer. Difor finn du heller ikkje noko forklaring her på korleis dei ulike rastera ser ut.

Additiv

Når denne er aktivert, vert rastermønsteret lagt til i biletet i staden for å verta trekt i frå.

Rotert

Roterer rasteret 90°.