Figur 17.84. Eksempel på bruk av filteret
Originalbiletet
Eksempel på bruk av filteret «verdiutbreiing»
Dette filteret arbeider på fargekantane. Det spreier pikslar som er ulike på ein spesifisert måte frå nabopikslane.
![]() |
Notat |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
I eksempla nedanfor er det dette biletet som er brukt:
Pikslane vil forplanta seg frå område med høg lysverdi til område med lågare lysverdi og såleis utvida dei lyse områda.
Figur 17.86. Meir kvitt
Dei lyse pikslane har forplanta seg til dei mørke områda i fire retningar: opp, ned, høgre og venstre. Filteret er køyrd fleire gonger for å forsterka effekten.
Pikslane vil forplanta seg frå område med låg lysverdi til område med høgare lysverdi og såleis utvida dei mørke områda.
I området mellom dei to grenseverdiane vert fargane i dei pikslane som finst der frå før og dei nye pikslane blanda saman til ein middelverdi.
Figur 17.89. Middelverdi til spissane
Det vert lagt ei tynn ramme i ein mellomfarge rundt objektet. Ramma er ikkje synleg rundt objekt med utjamna kantar.
Det grøne området er forstørra 800 gonger. Det er lagt til ei tynn (1 piksel tjukk) ramme. Verdien er gjennomsnittet mellom grå (90 %) og grøn (78 %): (90 + 78) : 2 = 84.
Området mellom dei to grenseverdiane vert sett til den forgrunnsfargen som vert vist i verktøykassa.
Det vert opna ein fargeveljar med ein fargeplukkar.
Figur 17.90. Farge til spissar
I dette eksemplet er den merkte farge raud. Ei tynn (1 piksel brei) raud ramme er lagt rundt objektet. Dersom det er brukt kantutjamning på objektet, vert denne ramma lagt i ytterkantane av utjamninga. Her er det ei anna ramme innføre. Dette fordi objektet er så lite at kantutjamninga på motsette sider overlappar kvarandre.
Berre område med vald farge vil spreia seg. Med dette alternativet vil mjuke og sløra kantar spreia seg dårleg.
Figur 17.91. Berre farge
I dette eksemplet er den valde farge den som er brukt på det grøne objektet. Etter å ha køyrd filteret fleire gonger, er det grøne området tydeleg forstørra.
Desse kommandoane verkar som «Meir kvitt» og «Meir svart». Gjennomsiktige område vil spreia seg over mindre gjennomsiktige område. Desse funksjonane verkar berre på bilete med alfakanal.
Figur 17.92. Meir dekkevne
Originallaget med gjennomsiktig bakgrunn.
Etter å ha køyrd filteret fleire gonger er dei grøne, ugjennomsiktige områda forstørra.
Ein piksel vert spreidd viss skilnaden mellom pikselen og nabopikslane ligg mellom den nedre og den øvre grenseverdien.
Denne glidebrytaren bestemmer kor stor utbreiinga skal vere. Dess høgare tal dess sterkare verknad av filteret.
Du kan velja ein eller fleire utbreiingsretningingar.
Viss det er merkt av for denne, vil fargekanalen, eller gråkanalen for gråskalabilete, verta spreidd. Dette valet er sjølvsagt avmerk som standard.
Viss denne er avmerkt, vert alfaverdien for pikselen spreidd. Er det ikkje merkt av for dette, vil pikselen få alfaverdien til nabopikslane.