3.4. Linsesløring

3.4.1. Oversyn

Figur 17.14. Filteret «Linsesløring»

Filteret «Linsesløring»

Originalbiletet

Filteret «Linsesløring»

«Linsesløring» brukt


Linsesløring simulerer eit bilete der kameraet er ute av fokus.

3.4.2. Innstillingar

Figur 17.15. Innstillingane for filteret «Linsesløring»

Innstillingane for filteret «Linsesløring»

Førehandsval, «Inndatatype», klipping, blandingsval, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Tilleggsinngangen

Dette gjer at du kan leggja til eit ekstra inndatalag som vert brukt for å rekna ut linsesløringa. Klikkar du på dette kvadratet, får du fram ei liste over tilgjengelege lag og kanalar som du kan velja frå. Tilleggsinngangen vert brukt berre viss denne innstilling er tilgjengeleg.

Sløringsradius

Storleiken på sløringsradius

Høglysfaktor

Relativ høglysstyrke.

Høglysterskel

Her kan du setja høgaste og lågaste verdi for høglysa. Dette gjer du anten ved å dra i dei svarte og kvite trekantane, eller ved å skriva inn eksakte verdiar i innnskrivingsfelta.

Klipp til inngangsinnhaldet

Viss denne er tilgjengeleg, kan du avgrensa utgangen til innhaldet i inngangen.

Lineær maske

Viss tilgjengheleg, bruk lineære maskeverdiar.