Dette filteret etterliknar ei form for gravering ved at biletet vert teikna ved hjelp av svarte, vassrette strekar der breidda på strekane vert bestemt ut frå dei opphavlege pikselverdiane. Mørke område gjev ein brei strek, medan lyse område vert markerte med ein tynnare strek. Effekten kan minna om slik ein finn i eldre bokillustrasjonar.
Notat | |
---|---|
Filteret verkar berre på flytande utval og lag med alfakanal. Du kan leggja til alfakanal dersom denne manglar. |
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Dette er breidda, frå 2 til 16, på graveringslinjene.
Dersom denne er aktivert, vert det ikkje teikna tynne linjer der det er samanhengande fargeområde. Sjå eksempelet nedanfor.