«Rotering av fargekartet» let deg byta ut eit fargeområde (kjeldeområdet) med eit anna (destinasjonsområdet).
«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».
Både kjelda og destinasjonsområdet har ein valsirkel for fargehjulsområde. Du kan dra begge pilhandtaka til fargeplasseringa du ønskjer. Dei svarar til glidebrytarane Frå og Til som er oppført nedanfor.
Vinkelen for startposisjonen for fargeområdet på fargehjulet.
Vinkelen på sluttposisjonen for fargeområdet på fargehjulet.
Når denne er avmerkt, vert området frå byrjing til slutt rekna ut med klokka, elles mot klokka (standard).
Denne knappen inverterer verdiane for Frå og Til.
Denne knappen vel alle fargane innføre området.
I denne seksjonen kan du bestemma korleis grått skal handsamast. Normalt vert grått ikkje sett på som ein farge, og vert såleis heller ikkje teke med i fargerotasjonen. Med innstillingane her, kan du likevel omforma mindre metta fargar til grå, eller omforma grå til farge, avhengig av innstillingane nedanfor.
Den vesle sirkelen i fargehjulet justerer kulør og metning som vert brukt for å velja fargen som skal representera grå. Dei svarar til glidebrytarane Kulør og Metning lista opp nedanfor.
Denne gGlidebrytaren bestemmer kva farge som skal handsamast som grå. Fargar med ei metning mindre enn denne verdien vert omgjorde til den valde «grå»-fargen.
Handsam som dette gjer at gråfargar inne i kjeldeområdet vert handsama som om dei hadde denne kuløren og metninga. Fargen vert rotert i høve til kjelde- og målområda.
Endra til denne vil endra grå fargar til den valde kuløren og metninga utan rotering.
Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».
Her er det same eksempelet som øvst på sida, men denne gongen med desse gråinnstillingane brukte: Gråterskel 0,340, kulør 220,0, metning 0,75.
Notat | |
---|---|
Viss du ønskjer grå i staden for ein annan farge, set kulør og metning til 0. |