Figur 16.220. Eksempel på bruk av filteret
Originalbiletet
Filteret brukt med Frå farge RGB (122, 149, 199), Til farge RGB (255, 0, 0), Raudterskel 0,106, Grønterskel 0,100, Blåterskel 0,190.
Dette filteret bytter ut ein farge med ein annan.
«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».
Dette er fargen du ønskjer å byta ut. For å velja ein farge kan du anten bruka fargeknappen for å opna dialogvindauget for fargehentaren eller du kan bruka fargehentarverktøyet for å henta ein farge frå biletet.
Dette er fen nye fargen du ønskjer å bruka. For å velja ein farge kan du anten bruka fargeknappen for å opna dialogvindauget for fargehentaren eller du kan bruka fargehentarverktøyet for å henta ein farge frå biletet.
Desse glildebrytarane vert brukte for å setja kor følsame raud-, grøn og blåkomponenten skal vera for skilnadar i Fråfarge. Dess høgare terskel dess fleire pikslar vert påverka.
Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».