14.11. Bayer-matrise

14.11.1. Oversyn

Figur 17.349. Eksempel på bruk av filteret «Bayermatrise»

Eksempel på bruk av filteret «Bayermatrise»

Filteret «Bayer Matrix» brukt med skala X, Y = 20


Eit storslege namn for eit enkelt filter. Bayer-matrise er relatert til ordna utjamning, som er ein biletutjamnings-algoritme som vert brukt til å visa eit kontinuerlig bilete på ei vising med mindre fargedjupn. Algoritmen reduserer talet på fargar ved å bruka eit terskelkart kjent som Bayer-matrise (Wikipedia). Det filteret som er brukt no, brukar Bayer-matrisen berre for å laga eit mønster.

14.11.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret på biletmenyen via FilterTeikningarMønsterelementBayermatrise.

14.11.3. Innstillingar

Figur 17.350. Innstillingane for filteret «Bayermatrise»

Innstillingane for filteret «Bayermatrise»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Underdivisjonar

Kor mange underdivisjonar som er brukt.

X-skala, Y-skala

Vassrett og loddrett storleik på mønsteret.

Roterering

Rotasjonsvinkel for mønster.

Refleks

Refleterer mønsteret vassrett når denne er i bruk.

Amplitude

Mønsteramplitude.

Forskyving

Verdiforskyving

Eksponent

Verdieksponent med logaritmisk skala.

X-forskyving, Y-forskyving

Her kan du endra X- og Y-forskyvinga.