Denne kommandoen vert brukt for å ordna rekkjefølgja for fargane i fargekartet for indekserte bilete. Sjølve biletet vert ikkje forandra. Det er heller ikkje råd å leggja til eller fjerna fargar. Sjå Dialogvindauget for indeksert palett.
| ![[Notat]](images/note.png)  | Notat | 
|---|---|
| Viss biletet ikkje er indeksert er denne kommandoen fråkopla. | 
Du har tilgang til denne kommandoen på to måtar:
frå hovudmenyen: → → .
frå dialogvindauget for fargekart ved å bruka sprettoppmenyen .
Du kan dra og sleppa fargar med musepeikaren for å setja opp fargekartet på nytt. Du kan sortera fargane etter kulør, metning og verdi ved å bruka sprettoppmenyen (høgreklikka på kartet). Du kan også reversera og tilbakestilla rekkjefølgja.
| ![[Tips]](images/tip.png)  | Tips | 
|---|---|
| Ein annan måte å sortera eit fargekart på, er å bruka sprettoppmenyen i Sorter palett … tilgjengeleg i dialogvindauget Palettar. |