GIMP brukar skriftmotoren FreeType 2 for å teikna skriftene og eit system kalla Fontconfig for å handsama dei. FreeType 2 har støtte for mange vanlege skriftfilformat.
Alle skriftene i stien til Fontconfig er tilgjengelege i GIMP. I tillegg er alle skrifttypane som er plasserte i GIMP sine skriftmapper tilgjengelege i GIMP. Skriftmappene vert sette i Skrifter-sida i Mappe i brukarinnstillingane.
Normalt er det to Skriftmapper: Systemmappa for GIMP-skrifter (som du ikkje bør endra) og ei skriftmappe
inne i den private GIMP-mappa. Du kan også leggja til fleire skriftmapper om ønskjeleg.
Linux:
Du kan installera skrifttyper på mange måtar:
Bruka eit program som GNOME Fonts eller KFontView for å installera skriftene.
Leggja inn skriftfilene i mappa ~/.local/share/fonts/
. Dette gjer skrifttypane tilgjengelege berre for deg.
Viss du har administrasjonsrettar, legg skriftfilene i mappa /usr/local/share/fonts/
. Dette vil gjera skriftfilene tilgjengelege for alle brukarane.
I alle filfella vil dette gjera skriftene tilgjengelege for alle program som brukar Fontconfig.
Microsoft Windows:
Det er fleire måtar å installera ein skrifttype på heile systemet:
Dra skriftfila inn i skriftmappa C:\Windows\Fonts
.
Installer skrifttypen via Innstillingar-programmet. I Windows, gå til Innstillingar, vel Personaliseringog vel Skrifter.
macOS
Installera skrifttypen ,ed programmet Font Book.
Den installerte skrifttypen vil dukka opp neste gong du opnar GIMP. Vis du vil sleppe å starta GIMP på nytt, trykk knappen Oppdater
i dialogvindauget Skrifter.
![]() |
Notat |
---|---|
Viss du av ein eller annan grunn støyter på problem når du installerer ein skrifttype for heile systemet, prøv å installera skriftene i mappa |
I dei fleste tilfelle har problem med skrifter kome av at skriftfilene har vore feil utforma eller filene er utdaterte. Viss du opplever krasj ved oppstart når GIMP skannar skriftkatalogane dine, kan du som ei rask løysing opna GIMP med --no-fonts
kommandolinjeargument, men då kan du ikkje bruka tekstverktøyet.