12.10. GIMP på nettet

Figur 16.242. Undermenyen «GIMP på nettet» i menyen «Hjelp»

Undermenyen «GIMP på nettet» i menyen «Hjelp»

The GIMP Online command displays a submenu which provides access to several website links that have to do with various aspects of GIMP. You can click on one of the menu items and your web browser will try to connect to the URL.

Feilrapport og ønskje

Viss du oppdagar ein feil når du brukar GIMP, eller du har forslag til forbetringar, kan du bruka denne kommandoen for å opna nettsida for problemsporing.

Nettsida for problemsporing er den beste staden å melda i frå om feil og spørsmål om funksjonar. Kontroller først om problemet ditt alt er registrert. Viss du opnar ei ny utgåve, må du syta for å få med all relevant informasjon, som nøyaktig GIMP-versjon, kva operativsystem du arbeidar med, kanskje eit skjermbilete om nødvendig. Alt går føre seg på engelsk, men ikkje ver så redd for det. Dei fleste som les rapporten din har engelsk som andrespråk.

Nettsida for utviklarane (Developer Web Site)

Nettsida for utviklarane er staden du kan byrja om du er interessert i å byggja GIMP eller du vil hjelpa til med utviklinga.

Hovudnettstaden

Hovudnettsida for GIMP.

Vegkart

Denne nettsida gjev eit grovt oversyn på engelsk over planlagt utvikling for GIMP.

Nettsida for brukarhandboka

På nettsida for brukarhandboka får du tilgang til alle brukarhandbøkene på ulike språk, lenkjer til snarreferansar, installasjonsprogram for å kunna lesa handboka utan å vera på nettet og lenkjer til nye versjonar.