16.17. Neon

16.17.1. Oversyn

Figur 17.412. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Filteret «neon»

Eksempel på bruk av filteret

Logoen for «neon»


Dette filteret lager eit neonskiltliknande objekt i alfakanalen for det aktive laget og legg om ønskjeleg til skygge.

Filteret, som er avleidd frå logoskriptet «neon» (FilHent innLogoarNeon i biletmenyen), lagar ein tekst som kan minne om lysreklame:

[Åtvaring] Åtvaring

Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget.

16.17.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAlfa til logoNeon

16.17.3. Innstillingar

Figur 17.413. Innstillingane for filteret «neon»

Innstillingane for filteret «neon»

Effektbreidde

Dette er eigentleg skrifthøgda brukt i Script-Fu skriptet neon. Ein del interne verdiar blir bestemt ut frå denne verdien, så som breidda på neonrøyret, skyggeforskyvinga og sløringsradius. Eit godt utgangspunkt kan vere å velje høgda på objektet som verdi her.

Bakgrunnsfarge

Denne fargen blir brukt for å fylle laget «Background». Fargen er førehandssett til svart, men du kan velje kva farge du vil med å trykke på fargeknappen.

Glødfarge

Dette er fargen på dei glødande neonrøyra. Farge er sett til neonliknande blå (38,211,255). Også her kan du klikke på fargeknappen for å velje annan farge.

Lag skygge

Er denne merka av, vil det bli laga ein slagskygge med same form som alfakanalen. Bakgrunnsfargen er normalt svart, men dersom su ikkje skal fjerne bakgrunnslaget seinare, bør du vurdere å bruke ein annan bakgrunnsfarge.

«Neon» med skygge

16.17.4. Filterdetaljar

Filteret bruker to lag for å oppnå neoneffekten:

Figur 17.414. Neoneffekten

Neoneffekten

Biletlaget med «neonrøyr»

Neoneffekten

Biletlaget med «neonglød»


Laget «Neon Tubes» er det gjeldande laget filteret er kopla til. Innhaldet i laget er ikkje viktig, berre alfakanalen og spesielt forma på denne.

Laget «Neon Glow» nedanfor inneheld gløden i neonlyset.

Dersom det skal leggast til skygge, blir denne lagt inn i eit eige lag nedanfor. Dette laget inneheld ein slagskygge med same form som alfakanalen til det aktive laget. Heilt nedst blir det lagt til eit bakgrunnslag fylt med bakgrunnsfargen.

Oversyn over laga i neonfilteret: